I dag tidleg starta sluttspela i verdas største fotballturnering. Det betyr vinn eller forsvinn.

Tidleg på morgonen gjekk Hødd G16 I (11-ar) vidare til 1/32-finalen i a-sluttspelet etter å ha slått Follo 5-0. Det betyr storkamp mot Vålerenga i ettermiddag. Like bra gjekk det ikkje for Hødd G16 II (11-ar), som tapte 5-1 mot Djerv 1919 og dermed er ute av turneringa.

Nøgd Hareid-trenar

Hareid G13 (sjuar) ville på si side ta seg til 1/8-finalen torsdag om dei slo Hjelset-Kleive på Ekebergsletta onsdag morgon. Det viste seg å bli ei overkomeleg oppgåve. Hareid var best stort sett heile kampen og gjekk til pause med ei fortent 3-0-leiing. August Brandal (2) og Tarje Dimmen Riise stod for måla. Og i 2. omgang scora Riise endå eit mål, slik at sluttresultatet vart 4-0.

- Vi er godt nøgde med denne kampen. Gutane spelte slik vi planla. Det var i grunnen aldri tvil om kvar sigeren ville hamne. Og alle i troppen fekk spele, noko som er veldig viktig, sa trenar Stig Engen til lokalavisa etter kampen.

- Avhengig av mykje

Engen og Hareid håper sjølvsagt på vidare avansement frå 1/8-finalen torsdag, men noko av det spennande med Norway Cup er jo at ein sjeldan veit mykje om laget ein møter.

- Kor godt vi kan gjere det er både avhengig av oss sjølve og motstandarane. For vårt lag sin del er det viktigaste å gjere så godt vi kan. Gjer vi det, så er det OK å tape også, sjølv om vi sjølvsagt helst vil vinne, seier Stig Engen.

Som vurderer sitt eige mannskap slik:

- Vi har ein god grunnstamme i laget, i tillegg til ein bra benk. Det er ikkje alltid vi startar med det same laget. Men klart, i sluttspelet startar vi med det venteleg beste laget vi har.