- Ingen trudde vi skulle slå Vålerenga. Så det var berre herleg. No skal vi gå heile vegen, var beskjeden frå Isak etter 2-0-sigeren.

Det var høgrevingen som scora Hødd sitt første mål ti minutt ut i 2. omgang. Isak raida seg forbi fleire spelarar, og til slutt Vålerenga-keeperen - før han sette ballen i mål frå skrått hald.

- Eg hadde fått beskjed om å prøve og å tore. Så kom sjansen. Eg skar inn mot mål og var bestemt på å score der, forklarer Isak Haanes.

Tam 1. omgang

Målet kom faktisk på kampens første store sjanse. 1. omgang var veldig jamn og tett utan at nokon av laga klarte å få overtaket. Det næraste vi såg ein sjanse var eit skot frå Bendik Rise som gjekk eit par meter utanfor mål.

Fleire Hødd-sjansar

Men ut frå det som skjedde i 2. omgang var det heilt fortent at Hødd slo Vålerenga. Etter Isak Haanes si scoring skapte Hødd fem sjansar frå det 13. til 20. minutt (omgangane i denne klassen er på 25 minutt). Men verken Bendik Rise, Daniel Haanes, Johannes Sundgot, Peter Hasund eller Rise (igjen) fekk treff på sine store eller ganske store moglegheiter.

2-0 på tampen

Eitt minutt før full tid fekk Vålerenga endeleg ein sjanse, men avslutninga frå kort hald tok Hødd-keeper Sivert Pieroth enkelt.

Og så, i kampens siste minutt, fomla Vålerenga-keeperen ballen i eige mål. Dermed 2-0 til Hødd, som møter Lillestrøm i 1/16-finalen i morgon.