Om litt over ei veke inviterer Hareid IL unge utøvarar til ei lærerik idrettsveke på stadionet på Hareid.

Dette er den andre gongen at arrangementet DNB Idrettsleikar vert arrangert, ettersom tiltaket vart teken godt imot då friidrettsforbundet gjekk saman med dei lokale klubbane og DNB for å arrangere dette i fjor.

– Vi fekk mange tilbakemeldingar om at dette var eit bra tiltak i fjor, så vi starta allereie då med å planlegge leikane for i år, seier Ådne Andersen, som er ein av dei erfarne utøvarane som skal instruere dei framtidige idrettsstjernene.

Dette er eit arrangement for barn i alderen 6–12 år, og mykje av fokuset vil derfor vere på å ha det kjekt saman med andre.

– Under oppvarmingane vil det bli mykje leik, så det blir ikkje så mykje av den vanlege jogginga der. Og så har vi ulike aktivitetar dei ulike dagane, for å ha det litt variert, forklarar Andersen.

– Meir enn berre springing

Under idrettsleikane vil det bli mykje fokus på friidrett, men også andre idrettar som til dømes fotball. Hovudbodskapen til arrangørane er at idrett er allsidig.

– Det er meir til idretten enn berre å springe. Dei som kjem skal få sjansen til å prøve ulike kast, hopp og sporløp i tillegg til nokre av springeøvingane. Dei lengste distansane og slegge blir sjølvsagt ikkje like aktuelt, humrar Andersen.

Under idrettsleikane blir det også lagt opp til innslag av fotball. Då har inn ingen ringare enn Hødds Fredrik Aursnes blitt henta inn. Men 18-åringen kan meir enn berre fotball.

– Eg kasta vel 39 meter i spyd året før eg starta på ungdomsskulen. Så spyd kan eg, seier Hødds midtbanespelar.

– Men han skal vere med på det meste dei dagane han er med, stadfestar Andersen.

At eit slik arrangement blir arrangert, synest Hødds toppscorar (saman med Eirik Ulland Andersen) er heilt topp.

– Eg synest det er eit veldig bra tiltak. Då får ein med alle, slik at born har noko å gjere på sommarstid. Eg sakna kanskje litt slike arrangement då eg var yngre, for det er bra å få hjelp frå folk som har peiling, seier Aursnes.

– Første mann til mølla

Desse idrettsleikane vert også arrangert samtidig av Dimna IL, som held til på anlegget rundt Høddvoll. Begge klubbane opplevde at det var hard kamp om plassane i fjor.

Andersen oppmodar derfor dei som ønskjer å bli med på idrettsleikane til å vere snare.

– Vi kan ikkje ta inn altfor mange, så vi praktiserer «første mann til mølla»-prinsippet, varslar Andersen og Aursnes.