Berre 20 sekund var spelt då Løvenstad tok leiinga. Men før minuttet var gått utlikna Tarje Dimmen Riise for Hareid. Så sende August Brandal Hareid opp i 2-1, men Løvenstad utlikna. Inn mot pause var derimot Hareid gode og scora tre nye mål, to ved August Brandal og eitt ved Henrik Holstad.

Men 2. omgangen var ikkje god av Hareid. Løvenstad reduserte til både 5-3 og 5-4. Men det såg ut til å stoppe der - før kampen gjekk inn i overtida. Då fekk Løvenstad 5-5 på litt spesielt vis. For var eigentleg ballen over streken då han datt ned frå tverrleggjaren, i bakken -  og ut igjen?

Uansett. Kampen gjekk til "sudden death". Hareid heva seg og pressa i den første ekstraomgangen - men fekk ikkje mål. I andre ekstraomgang lukkast det derimot August Brandal å score sitt fjerde mål for kampen. Dermed gjekk Hareid til kvartfinalen etter å ha vunne 6-5! Det gav elleville jubelscenar på Ekebergsletta!

PS. Også Hareid G16 II (sjuar) gjekk til kvartfinalen etter sudden death. Simon Holstad Grimstad gav Hareid 1-0 i andre ordinære omgang, før rumenske Ivansiuc Cluj FS utlikna før full tid. I ekstraomgangane ordna Isak Kristoffersen 2-1 og dermed også kvartfinaleplass.