Hareid hadde ein tung 1/8-finale imot rumenske Ivansiuc Cluj FS tidlegare på dagen i føtene då dei møtte russiske Arsenal til kvartfinale i a-sluttspelet torsdag kveld. Men Hareid gjekk respektlaust til verket og fekk to tidlege mål. Først scora Håvard Øvrelid på hovudet etter innkast frå Isak Kristoffersen. Så vart Simon Holstad Grimstad felt og kapteinen scora sjølv frå straffemerket. 2-0 stod seg til pause, og det var rettvist ut frå spel og sjansar.

2. omgangen var ikkje like god av Hareid. Men dei hadde brukbar kontroll. Og midtvegs i omgangen kom 3-0 og 4-0 kjapt - ved høvesvis Isak Kristoffersen og Håvard Knudsen Bjåstad. Då gjorde det lite at Arsenal reduserte to gonger på tampen. Hareid vann fortent 4-2 og skal spele semifinale mot Syril torsdag morgon.

- Aj, aj, aj. Dette var berre heilt fantastisk. Eg er utruleg stolt. No går vi "all in", sa Hareid-trenar Benjamin Slettebakk etter kvartfinalesigeren.