Mostandar i kvartfinalen var Løten, og Hødd festa tidleg eit grep om kampen. Dei første ti minutta var rett nok ikkje Hødd J16 spesielt giftige framfor mål. Men det kom seg veldig.

Etter 11 minutt kom Astrid Oline Roppen seg fri og banka ballen nede i det lengste hjørnet. Dermed 1-0. Tre minutt seinare dobla Anna Haddal leiinga med eit hardt skot.

Og minuttet før pause (25 minutts omgangar) banka Ingrid Måseide ballen i mål frå om lag 15 meter. Eitt minutt etter pause kom Løten til sin første store sjanse for kvelden, men skotet gjekk til side for mål.

Litt spennande vart det då Løten reduserte til 3-1 fire minutt før slutt. Men ikkje lenge. For allereie minuttet seinare hamra Anna Haddal inn sitt andre mål for dagen.

Og med 4-1-siger sikra Hødd-avansement til semifinalen. Der møter dei Eid klokka 09.55 fredag morgon.