Hødd opna kampen godt og Anna Haddal trefte stonga etter tre minutt. Men Eid heva seg og fekk 1-0 etter å ha runda Hødd-keeper Andrine Dahl etter sju minutt. I minutta som følgde såg Eid sterkast ut. Men etter 13 minutt utlikna Gro Elise Aksnes på frispark.

Eid kom tilbake og tok igjen leiiinga etter 18 minutt. Eit frispark sneik seg inn i lengste hjørne. Men minuttet før pause stod det 2-2. Hødd fekk straffe etter ein hands. Og Anna Haddal scora sikkert.

I 2. omgang skifta laga på å ha initiativet. Hødd opna best. Så hadde Eid ein god periode. Så vart det meir Hødd igjen. Og tre minutt før slutt kunne Astrid Oline Roppen ha scora. Men ho fekk ikkje skikkeleg treff frå kort hald.

Semfinalen gjekk til ekstraomgangar. Over 2 x 5 minutt klarte ingen av laga å score.

Dermed gjekk kampen til straffesparkkonkurranse:

* Andrine Dahl redda Eid sitt forsøk.

* Scoring Anna Haddal. 1-0.

* Scoring Eid. 1-1.

* Julie Våge scora. 2-1 til Hødd.

* Scoring Eid. 2-2.

* 3-2 til Hødd. Gro E. Aksnes.

* Bom Eid.

* Ingrid Måseide scora. 4-2. Og Hødd er i finalen!

Der møter dei Herd klokka 14.45.