Hareid har både gull i b-sluttspelet og bronse i a-sluttspelet tidlegare, men har aldri hatt lag i a-finalen. Heilt fram i dag, når Fyllingsdalen FK er motstandar klokka 14.45.

Finalebilletten vart sikra etter ein skikkeleg slitekamp. Syril var den mest skapande laget og tok leiinga etter fire minutt. Men allereie minuttet etter utlikna Hareid-kaptein Simon Holstad Grimstad.

Syril heldt fram med å presse. Men Hareid gav alt dei hadde og blokkerte den eine sjansen etter den andre. Og det ikkje forsvaret tok seg av vart redda av ein strålande Sigve Overå Hide i mål.

Før pause, mot spelets gang, gjekk Hareid opp i 2-1. Gustav Bjørlykke Kløving banka ballen i mål frå venstresida.

2. omgang vart ikkje ulik den første. Hareid låg lågt i bana og skapte heller lite framover. Men etter kvart vart Syril mindre kvasse og Hareid hadde bra kontroll.

Fem minutt før fullt tid kom nådestøytet. Håvard Øvrelid la inn frå venstre. Frå kort hald banka Simon Holstad Grimstad inn 3-1. Og då var det gjort.

Etter at dommaren bles av kampen vart det endå ein gong elleville jublescenar blant hareidsdølingane. Vi tør ikkje tenke på korleis det blir dersom Fyllingsdalen blir slått i finalen...