* Hareid G16 møter Fyllingsdalen.

Hareid - Fyllingsdalen 1 - 4

Hareid og Fyllingsdalen er på veg inn på bana. Det same er dei to laga i jentefinalen. Ser ut til å vere brukbar heiagjeng på plass for Hareid.

Kampen er i gang!

Jamn start på kampen mellom Hareid og Fyllingsdalen. Ingen store sjansar så langt.

Godt skudd frå Fyllingsdalen, men Hareid-keeperen er fint nede og reddar.

6 min: Ny brukbar sjanse til Fyllingsdalen. Klabb og babb utanfor feltet før avslutninga blir blåst opp på tribuna.

7 min: Corner til Fyllingsdalen etter skudd. Sigve Overå Hide gjer ei fantastisk redning etter corneren. Godt skudd, men keeper var betre.

1-0 til Hareid! Simon Holstad Grimstad set inn ein retur for Hareid. Kjempejobb av Håvard Øvrelid!

12 min: Fyllingsdalen har kanskje vore det beste laget, men Hareid står godt bakover og keeper står veldig godt. I tillegg var Hareid giftige når dei fekk sjansen.

15 min: Skudd i nettveggen frå Fyllingsdalen. Det er Fyllingsdalen som har presset, men Hareid held unna så langt.

Håvard Knutsen Bjåstad har fått seg ein smell i nasen og blør naseblod ute på sidelinja.

Hareid skapar ikkje veldig mykje, men er veldig farlege når dei får sjansen på kontringar. Håvard Øvrelid prøvar seg frå veldig spiss vinkel, men ballen fyk eit stykke over mål.

1-1 Mats Sande scorar med eit langskot for Fyllingsdalen. Ballen går via ein spelar, noko som gjer det vanskeleg for keeper.

21 min: Fantastisk forsvarsarbeid av Hareid og Hareid sin keeper. Store sjansar for Fyllingsdalen. Vetle Jøsok Rasmussen med ein kjempeinnsats.

23 min: Hareid slit litt med å halde i ballen over lengre tid. Overå Hide i målet må i aksjon ved fleire høve enn sin kollega på andre banehalvdelen.

1-2: 25 min: Innlegg blir slått inn framom Hareid sitt mål, og Rise er uheldig når ballen sprett via han og inn i eige mål.

Pause mellom dei to laga. Fyllingsdalen har vore best, men Hareid hang veldig lenge godt med. Får medvind i andre omgang, det kan vere til hjelp for Hareidsdølane.

2. omgang

Første skudd frå Fyllingsdalen. Overå Hide med enkel redning.

Det er Fyllingsdalen som er i leiinga, men det er Hareid som vinn kampen på tribuna.

Det er nokre tøffe duellar mellom dei to laga.

30 min: Langskudd på frispark for Hareid. Ballen skiftar litt retning og keeper ser ikkje ut til å ha kontroll. Får klarert til slutt. Stor sjanse til Hareid.

31 min: Øvrelid forserer fint på venstresida, skaffar seg rom og slår inn i feltet, men det har gått for kjapt til at medspelarane kjem seg opp i feltet.

33 min: Corner til Fyllingsdalen blir klarert. God redning av keeper som førte til corneren.

34 min: Corner til Hareid.

37 min: Stor sjanse for Fyllingsdalen x2! God forsvar- og keeperinnsats hindrar scoring for Fyllingsdalen.

39 min: Ny stor sjanse. Overå Hide reddar igjen. Fyllingsdalen viser at dei har eit veldig godt lag, trass at dei berre har med seg 8 spelarar til Norway Cup. Fyllingsdalen har også eit lag som er eldre enn Hareid. 98'arar og ein 97-spelar på Fyllingsdalen. 98 og 99'arar på Hareid.

41 min: Håvard Øvrelid får ein stor sjanse, men set ballen like utanfor stolpen!

1-3 Og så blir det scoring andre vegen i staden. Mats Sande scorar sitt andre for Fyllingsdalen. Flott skudd frå Sande, utagbart i krysset.

1-4 Mats Sande. Nydeleg nedtak, tek seg forbi keeper og set inn sitt tredje, og Fyllingsdalen sitt fjerde mål.

Hareid har gjort ein stor innsats i årets Norway Cup, men det ser ut til at Fyllingsdalen blir for sterke.

46 min: Kvinge bør nesten sette inn Fyllingsdalen sitt femte, men bommar på ballen.

49 min: Keeper Husa skyt på eit frispark for Fyllingsdalen. Ballen går utanfor, men det var ikkje eit dårleg forsøk.

Kampen er over. Hareid har gjort ein historisk god innsats i Norway Cup, men Fyllingsdalen og spesielt Mats Sande vart eit hakk for gode. Det ender med 1-4 til Bergenslaget.

* Hødd J16 møter Herd.

Hødd - Herd 1 - 2

2 min: Anna Haddal sender Hødd i leiinga etter kort tid. Bra start på kampen for jentene.

12 min: Hødd har vore det beste laget i denne kampen. Dei siste minutta har Herd løfta seg litt meir opp i bana, men dei har ikkje klart å skape nokon sjansar.

15 min: Sjanse til Herd. Dahl i målet til Hødd reddar.

20 min: Jamnt mellom laga. Herd hadde nettopp ein halvsjanse.

25 min: Kjempesjanse til Herd. Skotet blir for svakt.

Endå ein stor sjanse til Herd, Hødd lev farleg, men har framleis leiinga.

Pause mellom laga.

2. omgang

Kampen er igang igjen og Herd har omgangens første sjanse.

Kjempebom av Herd som har taket på denne kampen akkurat no.

Herd får til slutt scoringa si. Har hatt eit godt tak på Hødd i denne kampen og målet var svært fortent.

38 min: Framleis mykje Herd, framleis uavgjort.

1-2: Og så tek Herd leiinga med seks minutt igjen av kampen. Spelte seg fint fram før scoringa.

46 min: Oline Roppen skyt over.

Hødd pressar på mot slutten, men klarar ikkje å skape den avgjerande mogelegheita. Det blir gull til Sunnmøre, men det er laget frå feil side av Breisundet som stikk av med sigeren. Hødd får sølvet i årets Norway Cup.

Kampen mellom Hareid og Fyllingsdalen blir og sendt på TV2 Sportskanalen.

Vi gir deg dei viktigaste hendingane frå begge kampane i denne saka.