1.august runda Idrottslaget Hødd 95 år. Og vi kan vel utan å overdrive slå fast at dette er mellom dei mest vitale 95-åringar i næraste omland. Gjennom desse 95 åra har idrettslaget utvikla seg, og teke store sprang på mange nivå. Seint i haust er det endå ein milepel som vert passert når NYE Høddvoll står ferdig. Eit flunkande nytt stadionanlegg med plass til fleire tusen tilskodarar.

Dette står sjølvsagt i skarp kontrast til forholda i 1919. Då spelte mennene fotball på markane rundt omkring i bygda og særleg på marka hans Benjamin Osnes . Etter at Hødd vart skipa fredag 1.august i 1919 vart det betalt inn pengar for å leige denne marka på Vollane som fungerte som bane for klubben det første året. Det høyrer med at dei hadde to meter høge hesjestaurar som målstengre og tverrliggar hadde dei ikkje. Det var nokre heftige diskusjonar om korvidt ballen hadde gått i mål eller ikkje.

Seinare starta arbeidet med å utarbeide ei grusbane på det vi no kjenner som Høddvoll.

Skipinga

Då klubben vart skipa fredag 1.august var det for øvrig utan namn. Først  to dagar seinare på eit nytt møte vart det vald styre og namn. Det vart foreslått Hødd og Ulstein Fotballklub. «Mot en stemme besluttedes at namnet paa klubben skal være Hødd».

Dette namnet hadde klubben fram til 1925 då det vart bestemt at ein også skulle drive med friidrett, og namnet vart endra til Idrættslaget Hødd. I nyare tid har dette namnet vorte til Idrottslaget Hødd, og ved få høve i dag snakkar vi om IL Hødd. Stort sett er det meir enn nok berre med Hødd!

Fotball

Opp gjennom årtier har fotball vore dominerande i Hødd. A-laget har vore og er framleis flaggskipet. Mange grupper har eksistert og mange har forsvunne. Hødd har hatt skigruppe og badmintongruppe. Friidrett var viktig i Hødd i mange år og hadde sin topp på 70 og 80-talet. I dag står to store grupper sterkt saman med fotballen, nemleg turngruppa som berre er 35 år gammal og så handballgruppa som har vore i klubben med jamne mellomrom sidan etter 2.verdskrigen.

Anlegget

Anlegget på Høddvoll har utvikla seg stort frå starten og når nytt stadion står ferdig seint i haust er det ikkje mange klubbar i landet som kan måle seg med det Hødd har å by på.

Blant dei viktigaste milepelane i anleggshistoria er opninga av grasbana i 1963, tribune og klubbhus til 1.divisjonsdebuten i 1966 (tilsvarande dagens Eliteserie), Høddvollhuset i 1984, Høddvoll 2 i 1989, renovering av gamle Høddvoll i 1999, kunstgrasbane i 2003 og Ulsmohallen i 2007.

Ikkje alle i Hødd meiner politikarar og offentleg styresmakter har gjort nok for Hødd opp gjennom tiåra. Særleg med bakgrunn i den aktiviteten som er i idrettslaget for barn og ungdom. Men objektivt sett har det vore eit godt samarbeid mellom Hødd og Ulstein kommune opp gjennom åra. Fleire gonger har kommunen vore ein svært viktig støttespelar for idrettslaget.

Kjetil Hasund

Når historia til Hødd skal oppsummerast i kortform kjem ein ikkje utanom det som skjedde i 1965 og dei næraste åra og fenomenet Kjetil Hasund. Med 646 A-kampar og 460 scoringar. 16 A-landskampar og med på årets lag i VG i det første året Hødd spelte saman med dei aller beste i 1966. Eg vågar påstanden at det som skjedde på 60-talet har vore eit viktig fundament for det som har skjedd i klubben i dei 50 åra etterpå. Hødd er klubben som har gjort det umulege muleg. Klubben som har produsert talent etter  talent til norsk toppfotball. Dei som spelar kampar for Hødd på fotball eller handballag eller representerer klubben i turnhallar rundt omkring i landet gjer det med stoltheit.

Cuptriumfen

Det aller stoltaste øyeblikket kom ein ettermiddag i november i 2012 på sjølvaste nasjonalarenaen Ullevaal. Då Andreas Brune Rekdal frå Larsnes sette inn det avgjerande straffesparket i NM-finalen mot Tromsø velta kjenslene fram frå trauste sunnmøringar. Tillitsvalde, æresmedlemmer, små og store Høddarar. Alle som var blå både inni og utanpå denne ettermiddagen fekk ein emosjonell opptur som vanskeleg kan skildrast. Gledestårene rann nedover kinna på vaksne mannfolk då Fredrik Klock heva pokalen med Jens Stoltenberg og Kong Harald som dei næraste tilskodarane på ærestribunen.

Lys framtid, stolt fortid

Når klubben no nærmar seg 100 år er det med utsiktene til ei lys framtid og ei stolt fortid. Prestasjonane til A-laget er viktige, men endå viktigare er det daglege arbeidet som vert gjort med barn og ungdom i dei aktive gruppene fotball, handball og turn/RG. I tillegg har klubben ei trimgruppe som legg til rette for fysisk aktivitet for alle oss vaksne som har som vår viktigaste oppgåve å ta vare på alle desse borna og ungdomane i klubben.

Gratulerer med 95-år, kjære Hødd.