Men det hadde vel neppe vore fortent. For spesielt frå midtvegs i 1. omgang og utover dominerte Herd og skapte ei rekkje sjansar. Anna Haddal gav Hødd leiinga etter to minutt. Så kom det mange bomskot frå Herd før dei fekk 1-1 tidleg i 2. omgang og 2-1 seks minutt før slutt. Hødd køyrde på etter 2-1-målet og hadde mellom anna eit skot over frå Astrid Oline Roppen. Men 2-1 til Herd var nok ikkje ufortent totalt sett.

- Vi fekk det første målet. Men så vart vi pressa tilbake og kom eigentleg aldri i gang. Herd vann fortent. Vi var tydeleg slitne, oppsummerte Hødd-trenar Jan Arild Roppen.

Trass i finaletap har Hødd gjort ei strålande turnering. Og å reise heim med sølv på idrettslagets 95-årsdag er jo slett ikkje verst.

- Vi er godt nøgde med sølv. Eg er stolt over det jentene har vist denne veka, seier Jan Arild Roppen.