G16-laget tok tidleg leiinga ved Simon Holstad Grimstad. Men i siste del av 1. omgang snudde Fyllingsdalen til 2-1. Hareid var brukbart med til litt ut i 2. omgang. Då gjekk lufta ut av ballongen og Fyllingsdalen scora to mål til før dei gav seg.

- Finalen vart som han vart. Vi var tunge både i hovuda og føtene, sa trenar Benjamin Slettebakk etter kampen.

Om lag 100 hareidsdølingar hadde møtt fram på hovudarenaen på Ekebergsletta. Trass i finaletapet fekk Hareid-spelarane ståande applaus etter kampen. For sølv i a-sluttspelet i Norway Cup har ikkje Hareid IL frå før.

- Det har vore ei fantastisk veke. Eg er både imponert og stolt. Neste år går vi for gull, varslar Benjamin Slettebakk.