Denne sommaren har Volda-spelaren Martin Ove Roseth vore på prøvespel i både Hødd og Molde.

Det 16 år gamle fotballtalentet var med Molde på Norsk Toppfotballs G 16-turnering for Tippeliga-klubbar i juli. Han vart også teken ut til talentleiren i Porsgrunn, der han imponerte sopass mykje at han fekk vere med i utfordrarlaget som møtte G16-landslaget.

No har altså midtstopparen vald å bli lagkamerat med sambygdingen Ørjan Håskjold Nyland i Molde. Det skriv voldafotballen på si eiga heimeside.

Til klubben seier Roseth at han føler seg klar til å ta eit nytt steg.

- Å forlate Volda Fotball er jo litt vemodig, men samtidig føler eg at klubben har gjort meg klar til å ta eit nytt steg. Eg sett stor pris på det klubben og dei ulike trenarane har gjort for meg. Og ikkje minst alle medspelarane, seier han til VTI-Fotball.