Som det vart påpeika i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten var dette i utgangspunket ein kamp mellom to lag der formkurva peika i forskjellige retningar. Hareid kom i frå ei rekke uavgjorte kampar og hadde sist eit klart tap mot Bergsøy. Med sentrale fråver som T. Skeide og den suspenderte målsniken Røyset Bakken måtte ein gjere endringar i laget. Godøy starta svakt, men har reist kjerringa noko den siste tida med 2 sigrar på dei tre siste.

Dagane før kampen hadde bydd på typisk skiftande sunnmørsver med skodde, regnbyger og solstrålar om kvarandre, men heldigvis for spelarar og tilskodarar var det opplett i dei 90 minutta kampen blei spelt. Om ein ser bort i frå ein sur bris og det heimetrenaren kalla ei «långhåra» bane låg forholda godt til rette for ei trivelig forestilling.

Det var futt i Hareid-beina frå første minutt og det tok ikkje meir enn 4 minutt før den første store kvalifiserte sjansen kom, ei heading sentralt i feltet frå kloss hald gjekk like utanfor stanga. Ei god åpning på kampen for heimelaget, Godøy meldte seg derimot også på med eit skot innafor 16-meteren i det 6. minutt som målmann Hide var fint nede og redda.

Hareid var gode i dei neste 10 minutta, ein møljesituasjon i feltet i det 16. minutt kunne blitt skikkelig farleg, men ein fekk ikkje klem på den lause ballen. Ruben Kenneth Brandal serverte eit kanonlangskot i det 18. minutt, keeper var med på notane og slo ballen ut til corner. På høgresida til Hareid skjedde det mykje der Runar Stranden tøffa opp og ned heile omgangen.

Han var ei konstant torn i sida for Godøy-forsvaret med kjappe bein og sugande løp som endte i farlege innleggsituasjonar. I disse situasjonane var den siste avleveringa akkurat litt upresis, eller så var ikkje det menn på plass for å omsette innlegga til sjansar, men initiativa til Stranden skal han ha stor honnør for, han leverte ei strålande forestilling.

I motsatt ende markerte målmann Hide seg med trygge hender, trygg opptreden når han gikk ut i feltet for å ta ballar og nokre viktige redningar på Godøy sine forsøk. Stranden og Hide var lette å plukke ut i frå mengda, men det var ein kollektivt god opptreden i ei livleg opning av kampen. I det 21. minutt fikk Hareid hol på byllen når ein corner nådde pannebrasken til Nicolay Sundgot, ballen gikk inn i hjørnet og ein fortjent ledelse var eit faktum.

Det skulle bli sånn at Godøy kom meir med i spelet etter dette, dei avslutta med eit lett trykk mot Hareid-målet i resten av omgangen. Ein kjempesjanse frå kloss hold står spesielt igjen i minnet der Godøy-mannen såg fortumla ut etter å ikkje ha scora. Hareid holdt motstandaren passe greit frå livet inn mot pausa dei siste 10’. Blant kyndige tilskodarar på sidelinja vart 5-3 omtalt som sjansestatistikken i fordel Hareid til pause. Jamnspelt, men godt gjennomført frå Hareid alt i alt.

2. omgangen kan delast opp i tre for å illlustrere korleis pendelen svingar innad i fotballkampar. Dei første 20 minutta hadde Hareid godt tak på motstandaren, Godøy skapte lite og såg noko rådville ut framover i bana. Fleire ballar gikk utan adresse inn til Hide i Hareidsmålet. Heimelaget skapte stadig halvfarlige situasjonar, mykje på den tidlegare omtalte høgresida.

Etter timen vart eit fint frisparkforsøk frå Runar Stranden redda av Godøy-målmannen. 5 minutt seinare fikk ein Godøy-mann, litt ut av det blå, ta ned eit innlegg midt i feltet og frå kort hold pirka han ballen inn. Frå å ha skapt lite fekk naturligvis bortelaget ei vitamininnsprøytning, mens heimelaget byrja å stresse med klareringar. Lite satt i pasningsspelet, ballen kom fort tilbake i retur, det vart kontringar etter balltap.

Ei nervøs stemning seig innover stadion i publikum og ute på bana. Trenar Moldskred hørtest med ropet «slapp av!» frå sidelinja med tjue minutt igjen på klokka. Kampen fortsatte på dette viset fram mot dei siste ti når det blei gjort eit bytte som fikk umiddelbar innvirkning: Eiliv Tore Howlid entra graset, Hareid fikk ein dødball, «dra dej fram!» kom det frå benken.

Ballen vart pumpa inn i boksa, keeperen flaksa i feltet, ballen trippa inn mot ein tom målgard. Eiliv Tore Howlid kom til ballen og kunne score eit særs enkelt men også uhyre deilig mål. I tida etter scoringa tømte Godøy seg framover bana, i Hawaii-fotballen oppsto det gode kontringsrom for Hareidskarane. Endelig lykkast det på høgresida når Hareid kontra, eit innlegg fann innbyttar Henrik Holstad som kontant satte ballen i nettet og i realiteten drap kampen på 3-1 med 5-6 minutt igjen.

Hareid kan vere glade for at Godøy ikkje sette en stor sjanse rett før full tid, dette kunne altso gitt ny spenning heilt på tampen, men som trenar Moldskred kommenterte: «hadde kampen vart 10 minutt lenger kunne vi scora både eitt og to mål til».

Målmann Hide vart kåra til banens beste av lokal jury, skribenten synest det var eit heilt fair val, men held sjølv ein knapp på Stranden for sine viktige offensive bidrag.  Ei stund var det heilt åpent kva veg poenga ville gå så det var meget hyggeleg for Hareid å unngå 1-1, noko som har blitt eit kjent refreng i det siste. Trenar Moldskred var veldig glad for poenga, men legg også vekt på det langsiktige og utviklingsmessige:

«Det er ein revansjesugen gjeng i forhold til glød og vilje som vi var svake på sist mot Bergsøy i forhold til det vi har gjort før i år. Det såg vi allereie i oppvarminga og i treningane i veka før kampen. I starten av kampen er vi som det heiter i fotballspråket mykje meir «på».

«Eg gjentar at målsetninga er å halde seg i divisjonen og å jobbe vidare med å etablere ein betre kvalitetsmessig treningskultur generelt og fleire lokale ungguttar som får spele på a-laget når eller litt før dei er klare for det. Kanskje det eg er mest fornøgd med i dag er at vi nok ein gong spelar med ei forsvarsrekke med juniorar og guttespelarar pluss én. Etter kvart har vi inn på ein guttespelar til som spelar med hjartet utapå skjorta og som scorar (ref Henrik Holstad)» Seint i kampen fikk også Markus Hareide sin debut på dette nivået:

«Det byrjar å bli eit veldig ungt, lokalt innslag med heilt nødvendig hjelp av rutinerte berebjelkar. Det er sammensetninga som er heilt avgjerande, men det er veldig kjekt å sjå på dei unge som veks med oppgåva, og som er stolte av å spele for Hareid. Vi er stadig i ein prosess med omkalfatringar i laget på grunn av forskjellige fråver, og vil gå inn for å gjere ein god figur i dei to siste kampane før ferien.»

-          Hareid – Norborg 1-0 (3 – 1)

-          Hareid stadion

-          Tilskodarar: ca 50

-          Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy IL – Fotball.

-          Gule kort: Mork Breivik, Brandal (Hareid). Nyvoll (Godøy).

-          Mål: 1-0 Sundgot (21), 1-1 Brynestad (66), 2-1 Howlid (80), 3-1 Holstad (83)

-          Hareid (4-3-3):  Sigve Overå Hide – Nauris Driksna, Simon Holstad Grimstad, Håvard Mork Breivik, Gustav B. Kløvning  – Ben Buntu (Howlid 80), Nikolay Sundgot, Ruben Kenneth Brandal  – Runar Skorge Stranden, Håvard Øvrelid (Markus Hareide 89), Fredrik Andresen (Holstad 70)

-          *** Stranden

-          ** Hide

-          * Sundgot