Håvard Mork Breivik frå Hareid er tatt ut til landslaget i fotball for G17.

Forsvarsspelaren speler på a-laget til Aalesund fotballklubb, der han har fått fleire innhopp i treningskampar. Fredagen, dagen før 17-års dagen hans, fekk han den gledelege telefonen.

- Nyheita om innkallinga har gjrot meg mållaus. Eg set pris på å ha blitt tatt ut og ser fram til mi første landslagssamling. Det er ganske så fantastisk og noko eg ikkje hadde venta, seier Breivik i ein kommentar til Aafk.no

Frå i morgon, 26. februar, til 2. mars skal han vere med på landslagssamling på Fagernes.