Sigeren var fortent, men Hareid jaga ei utlikning i sluttminutta.

Hareid er tippa på sisteplass i divisjonen etter store utskiftingar i løpet av vinteren. Det vil ta tid å bygge opp eit stabilt lag av alle unggutane, denne gongen stilte laget med seks tenåringar frå start.

Men Hareid-spelarane er løpssterke – og får dei senka skuldrane og får orden på kombinasjonsspelet utover i sesongen, bør dei kunne utfordre jumbo-tipset.

Hareid opna friskt - og i det 13. minutt fekk August Brandal ballen for langt føre seg etter å ha fått eit gjennomspel frå Kim Alvestad. Same mann var farleg frampå i det 26. minutt. Men så var midtstoppar Antoni Garshol brått uheldig i ei klarering. Han skeivtrefte ballen, som skrudde opp mot eigen vinkel. Keeper Lonbakken følgde ballen inn i mål. 1-0 til gjestane.

Ti minutt seinare reparerte Andreas Nesset det uheldige baklengsmålet ved å klinke til ballen frå 25 meter -  eit kanonskot via stanga og inn. Dermed 1-1.

«Adam var 15 sekund i paradis»

Deretter måtte lagleiarane til Hareid spørje seg imellom kor lenge Adam var i paradis: - 15 sekund , meinte materialforvaltar Knut Helge Hovden. Det tok nemleg berre femten sekund frå Hareid hadde feira frå seg Nesset si kanonutlikning til Sondre Kjølsøy for ein gongs skuld kom seg forbi Henrik Holstad og sette inn 2-1 til gjestane frå skrått hald.

Og berre tre minutt deretter skaut Jørgen Sørnes frå ca 25 meter og rett i mål gjennom ei mølje av spelarar. Her burde ein Hareid-spelar ha rykt ut for å møte Sørnes – og keeper Solbakken såg neppe skotet før det kom ut av mølja.

SIF/Hessa hadde teke meir og meir over spelet utover i omgangen, så 3-1-leiinga ved pause var ikkje ufortent.

Hareid skjerpa seg

Mange frykta ketchupeffekt for dei meir rutinerte gjestane i 2. omgang, men Hareid skjerpa seg og spelte med stor glød. Sjanseskaping var det lenge lite av for begge lag. Her skal Hareid-forsvaret ha ros for at gjestane ikkje greidde å skape ein einaste målsjanse før eit farleg skot, som Lonbakken parerte i det 79. minutt.

Hareid hadde eit par farlege skot tidleg i omgangen ved Bendik Engen og August Brandal, men begge gjekk over.

Så vart det likevel spenning i kampen då Bendik Engen vart felt under eit gjennombrot i gjesteforsvaret – og Ola Vattøy sette det påfølgjande straffesparket sikkert ned i venstre hjørne. 2-3. Og no begynte det å lukte Hareid-utlikning. I det 85. minutt fyrte Henrik Holstad av med utsida og traff stanga! Men nærare kom ikkje heimelaget, som skal ha ros for god innsats mot eit lag av litt større og meir rutinerte gutar. Henrik Holstad var Hareids bestemann. Han temde SIF/Hessa sin gode høgreving Kjølsøy og var svært konstruktiv i framspela sine. Ros også til midtstopparduoen Reite/Garshol – og framover på bana var fotrappe Bendik Engen den som fekk til mest.

I neste seriekamp skal Hareid møte søregranne Larsnes/Gursken på bortebane fredag 27. april..

KAMPFAKTA:

4.-div., Hareidsmyrane stadion

Hareid-SIF/Hessa 2-3 (1-3)

Mål: 0-1 Sjølvmål (27) – 1-1 Andreas Nesset (37)  – 1-2 Sondre Kjølsøy (37) – 1-3 Jørgen Sørnes (41) – 2-3 Ola Vattøy (straffe, 77).

HAREID: Fredrik Lonbakken,  Fredrik Andresen, Benjamin Reite, Antoni Garshol, Henrik Holstad, Andreas Nesset, Ola Vattøy, Håvard Bjåstad, Bendik Engen, August Brandal, Kim André Alvestad. Innbytte: Nauris Driksna i 25 minutt.

*** Henrik Holstad

** Bendik Engen

* Benjamin Reite

Resultat 2. serierunde: Hareid-SIF/Hessa 2-3, Bergsøy-Volda 5-1, Valder-AaFK2 1-4, Sykkylven. Ørsta 1-2, Godøy-LGFK 1-1, Rollon-Emblem 1-1.