Hareid mistar viktige spelarar

André Nupen forsvinn til Bergen denne hausten. Foto: Hans-Olav Rise

Hareid må klare seg utan André Nupen, og kanskje også Svein Inge Nesset til hausten. Nikolai Røyset kan derimot vere på veg tilbake.

Hans-Olav Rise
Mobil: 97579801
Publisert: 20.07.2010 kl. 13:33
Endret: 20.07.2010 kl. 13:34

Hareid leverte ein god vårsesong i årets 3.divisjon. To 5-1-tap på tampen mot Volda og Godøy øydala derimot noko av det positive inntrykket. Uansett er Hareid kun eitt poeng bak streken for vidare spel i 3.divisjon etter halvspelt serie. Det betyr at sjansane for Hareid-spel i 3.divisjon 2011 framleis er tilstades.

Men dei må derimot klare seg utan i alle fall éin viktig spelar, kanskje to. Hareid fotball melder at André Nupen, som har vore kaptein store delar av vårsesongen for skade Tore Ytre-Hauge, flyttar til Bergen. Han stoppar dermed på 180 a-kampar - i alle fall for ei stund.

I tillegg til Nupen, flyttar også Svein Inge Nesset til Bergen. Men i motsetnad til Nupen, blir Nesset kanskje å sjå i den raude drakta til hausten òg, ettersom han kan bli henta heim til kampar.

Utanom Nupen og Nesset, blir heller ikkje Ole Magnus Melchior å sjå i Hareidsdrakta - ettersom han valde Bergsøy framfor Hareid.

Nokre ut, fleire inn?

Sjølv om nokre viktige spelarar ikkje blir å sjå på Hareidsmyrane til hausten, kjem somme tilbake. Marius Rise, som spelte dei to siste vårkampane, kjem til å spele kampar for Hareid fram til han flyttar til Spania.

Utanom Rise, er sannsynet stort for at Nikolai Røyset kjem heim. Hareid er for tida i dialog med Ullern Fotball om å få låne Røyset i heile, eller delar av sesongen. Ullern er så langt positive, noko Røyset er òg, og Hareid håper ei avklaring i løpet av denne veka.

I tillegg er Bergsøy-spelar Daniel Hatløy, samt Hasundgot sine spelarar Georg Olsen og Lars Henrik Hasund aktuelle. Alle desse har trena med Hareid i sommar, og moglegheita for å sjå dei i Hareidsdrakta er til stades.

André Skotheim trena med Hareid på slutten av vårsesongen, og blir med i stallen i haust. Om han blir å spele mange minutt gjenstår å sjå.

Hareid IL Fotball røper at dei håper å få inn ein eller to spelarar i tillegg til dei nemde. Om dette let seg gjere er ikkje avklara, men det blir "jobba med saka".

Per 20. juli ser Hareid-stallen slik ut:

Keeperar: Vagn Scheide Mork, Kevin Hestholm, Daniel Reite, Sjur Gjerde.

Forsvarsspelarar: Svein Inge Nesset (sannsynlegvis), Marius Rise (til 10. september), Jørund Johansen, Dag Gøran Brandal, Steffen Uldbæk, Håkon Orten Trovåg, Joachim Røyset, Joar Møller, Eiliv-Tore Howlid (langtidsskadd), Antoni Gardshol (langtidsskadd), Benjamin Reite.

Midtbane: Joachim Moldskred, Tore Johan Ytre-Hauge, Even Hansrud, Fredrik Aursnes, Tore B. Mjønes, Georg R. Gaasø, Ivar André Aadland, Per Ståle Nykrem (vekkreist mesteparten av hausten),

Spissar: Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy, Robert Ulfstein (langtidsskadd), André Skotheim.

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir