Bortimot alle er kampklare

F.v.: Erik Sandal, Christian Mork, Ruben Kenneth Brandal og Fredrik Klock er alle høgaktuelle til treningskampane torsdag og fredag i Tyrkia.
Foto: arkivfoto
F.v.: Erik Sandal, Christian Mork, Ruben Kenneth Brandal og Fredrik Klock er alle høgaktuelle til treningskampane torsdag og fredag i Tyrkia. Foto: arkivfoto

Nesten alle i Hødd-stallen er klare til å spele kamp i Tyrkia torsdag eller fredag.

Mobil: 90137211
Publisert: 22.02.2012 kl. 13:35
Endret: 22.02.2012 kl. 13:36

Torsdag skal Hødd møte Polonia Bytom. Dei spelar på nevst øvste nivå i Polen. Historikken deira er det ingenting i vegen med. Polonia Bytom vart seriemeistrar på øvste nivå både i 1962 og 1964. Fredag spelar Hødd nok ein kamp, då mot Oleksandria. Dei ligg i vinterpausen på 18.-plass i den ukrainske toppserien. I 2003 gjorde dei sin beste prestasjon nokon gong då dei enda på 13.-plass i same serie.

- Vi satsar på at alle skal få spele éin av desse to kampane. Nokon må kanskje delta i begge. Vi satsar i alle fall på at alle skadefrie spelarar får seg bra med speletid til saman, fortel Sindre Eid, Hødd sin hjelpetrenar.

Debut for Inyami

Hødd har med 22 utespelarar og tre keeperar til Tyrkia. Det inkluderer hospitantane Pål Skeide, Fredrik Aursnes, Robin Hjelmeseth, Henrik Hansen (keeper) og Havtor Skeide, i tillegg til prøvespelaren Christian Inyami.

- Vi er spente på å sjå Christian i kamp. Kanskje blir han å sjå i begge kampane. Vi vil gjerne sjå han i kamp før vi bestemmer oss for om vi skal gå for han, seier Sindre Eid.

Skadesituasjon i betring

Namnebror Christian Mork er ein av fleire Hødd-spelarar på veg tilbake frå skade. Også Erik Sandal, Ruben-Kenneth Brandal og Fredrik Klock er truleg kampklare. Den einaste som ser ut til å vere uaktuell for å spele kampar i Tyrkia er Eirik Heltne, som framleis er i opptrening.

- Skadesituasjonen ser veldig bra ut. Fleire spelarar er tilbake etter å ha slite med ulike skadar i vinter. Men vi ser an treninga vi skal ha torsdag morgon før vi bestemmer oss endeleg for kven som spelar mot Polonia Bytom, forklarer Sindre Eid.

Ettermiddagskampar

Begge kampane startar klokka 15.30 – tyrkisk tid. Det vil seie klokka 14.30 norsk tid. Du kan følgje kampane live på vikebladet.no.

Les også meir om Hødd sitt Tyrkia-opphald i torsdagens papirutgåve av Vikebladet Vestposten.

På forsiden nå

Vi følgjer 17. mai der du bur

Vikebladet Vestposten vil vere rundt om i alle bygdene i Hareid og Ulstein på 17. mai. Les meir

Roleg natt til 17. mai

Berre ei melding om promillekøyring har kome inn natt til 17. mai. Les meir

Motorsyklist køyrde av vegen på Skeide

Vart frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Les meir

Hødd - Ullensaker/Kisa i bilde

Sjå bilde frå kampen mellom Hødd og Ullensaker/Kisa på Høddvoll 16. mai. Les meir