- Vi misbrukar for mange sjansar

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen tykkjer laget hans spelte godt mot Ull/Kisa, men personlege feil og ineffektivitet framfor mål gjorde det vanskeleg for heimelaget.

I Noreg har 16. mai blitt ein dag med fotball og god stemning, men det var heilt andre kjensler å sjå blant heimepublikumet under kampen Hødd – Ull/Kisa onsdag kveld. Det var ein roleg start på kampen, og kampens største faremoment var dei akrobatiske innkasta til Kim Holmen.

Etter 19 minutt slo Kristian Onstad ein lang ball i bakromet. Midtstoppar Steffen Moltu prøvde så godt han kunne med å halde følgje med Holmen, men såg berre ryggtavla til hurtigtoget i det han suste forbi og sette kontrollert inn 0-1 til bortelaget.

- Får dårleg betalt

For midtbanedirigent Erik Sandal gjekk det ekstra hardt for seg. Han fekk seg ein kraftig smell i ansiktet midtvegs i førsteomgangen. Det medisinske apparatet fekk lappa han saman og han var klart til dyst igjen. Sjølv tykte han at Hødd fekk dårleg betalt.

- Vi stangar og stangar heile kampen, og vi får eit par billege straffespark i mot. Eg føler vi jobbar hardt, men vi får enkelt og greitt dårleg betalt i dag, fortel Sandal.

Som Hødds farlegaste spelar var Sandal frampå ved ei rekkje høve, og kunne ha sett inn eit par mål i førsteomgangen. Kva som må til for å endeleg setje ballen i mål er han klar på.

- Eg må halde fram med å terpe og terpe, og så må eg vere litt kaldare.

Hardt straffa

Fire minutt etter at dommar Kjetil Hansen blåste i gang andreomgangen var Steffen Moltu uheldig og felte Holmen inne i eige straffefelt. Straffa sette Daniel Moen Hansen sikkert i mål. Berre tre minutt seinare la Eirik Soltvedt på til 3-0 for gjestane.

Hødd reduserte til 1-3 i det 57. minuttet etter eit velplassert skot frå Espen Standal. Minuttet seinare fekk Ull/Kisa nok ei straffe av dommar Hansen, men denne gongen var Ørjan Nyland ute i full strekk og redda det velplasserte straffesparket meisterleg.

- Brukar for mange sjansar

Sjølv om Ull/Kisa vart reduserte til ti mann nokre minutt før full tid, klarte ikkje Hødd å utnytte overtalet. Lars Arne Nilsen innrømde etter kampen at marginane ikkje er på Hødds side om dagen.

- Eg tykkjer vi spelar bra og vi kjempar på, men for tida gjer vi for mange personlege feil og slepp inn håplause mål. Når vi samtidig brenn sjansar i motsatt ende så blir det slik som i dag. Vi skårar altfor få mål i forhold til dei sjansane vi skaper. Slik er det vel for eit lag som er i motgang også, at marginane ikkje er med oss, fortel ein skuffa Nilsen.

- Steffen Moltu vart byta ut etter å ha vore involvert i ein del avgjerande situasjonar i dag. Kvifor valde du å ta han av?

- Han var litt uheldig på eit par av måla og laga mellom anna eit par straffespark. Det er framleis mange kampar igjen denne sesongen, så vi valde å kvile han.

- Vi ”må” ingenting

Ein ny viktig kamp ventar allereie på søndag når Bryne kjem på besøk. Kva som må til for å slå dei, er Nilsen klar på.

- Vi må luke vekk personlege feil, og for all del ikkje lage straffespark. Vi slepp inn for mange mål samtidig som vi skårar for lite. Dersom vi spelar slik vi gjer i dag og har marginane på vår side så skal vi greie å få med oss eit godt resultat mot Bryne.

- Må Hødd vinne mot Bryne for å henge med dei andre laga?

- Vi må ingenting, men det er heilt klart at det er ein kamp vi har lyst å vinne. Det er framleis mange kampar igjen, så det vil kome mange sjansar til å ta poeng, avslutta Nilsen.

Kampfakta

Adeccoligaen 2012, 7. runde, Høddvoll stadion

Hødd – Ull/Kisa 1–3 (0-1)

Mål: Kim Holmen (19.), Daniel Moen Hansen (49.), Eirik Soltvedt (52.) og Espen Standal (57.).

Tilskodartal: 1142

Dommar: Kjetil Hansen, Charlottenlund BK

Hødd (4-3-3): Ørjan Nyland – Akeem Latifu, Fredrik Klock, Steffen Moltu (Thomas Lid Kleppe 69. minutt), Ruben-Kenneth Brandal – Sivert Nilsen, Fredrik Aursnes (Elias Lala 81. minutt), Erik Sandal – Kazeem Ahmed, Espen Standal, Vegard Heltne (Pål André Helland 63. minutt)

Skulle gjerne ha scora meir for Hødd

Robin Hjelmeseth vart årets lokale toppscorar, men skulle gjerne hatt fleire mål for a-laget til Hødd.

Folksamt på Vikhagen

Studio Hugo Opdal er overvelda over responsen.

– Hareid blir aldri det same

I dag opna Grim&Gryt Økobryggeri.

Ville ikkje gamble på renta

Ulstein kommunestyre sa ja til å binde renta

Starta med tullesynging

Sjå Bror Magnus Tødenes i samtale med Ingrid Gjessing Linhave.

HG Solutions:

Storsatsing i Polen

Onsdag var ein delegasjon på 41 frå Norge med på opninga av HG Solutions sitt nye hovudkontor i Gdynia, Polen.

Ikkje ølproduksjon til jul

Gjæringstanken til Grim & Gryt kom ikkje frå Tsjekkia i tida.

Volda-rådmannen vil doble E-skatten

Foreslår same opplegg som rådmann Bent Arild Grytten i Hareid