* 1-0, 85.min: Eit innlegg frå HamKams venstre side blir omset til mål av innbytar Emil Sildnes.

Oppsummering 1. omgang

Kampen kom aldri heilt i gang den første halvdelen av første omgang, og tempoet var elles lågt i opninga.

Den første nemneverdige halvsjansen var etter dryge 18 minutt då Joachim Magnussen fekk heada mot mål etter eit innlegg. Avslutninga gjekk derimot eit par meter til side for mål.

Etter 27 minutts spel kunne HamKam fort ha gått opp i leiinga gå eit hjørnespark frå Truls Hagen gjekk rett gjennom feltet, men Hødd slapp med skrekken.

Skrekken vart endå større då Steffen Moltu laga eit klønete straffespark nokre minutt seinare, men Andreas Lie varta opp med eit flott redning og nekta vertane skåring.

Strafferedninga gav Hødd-keeperen sjølvstillit, etter at han opna kampen på noko rufsete vis.

Nokre minutt før pause presenterte nysigneringa Eirik Ulland Andersen seg for første gong med eit frispark. Forsøket var hardt, men uheldigvis for 21-åringen gjekk ballen rett på keeper.

Oppsummering 2. omgang

Ei kvile midtvegs såg ut til å vere akkurat det Hødd trong, for i starten av andre omgang var dei blåkvite langt betre.

I det Hødd var inne i ei god periode fekk HamKam plutseleg ein farleg overgang, og vertane var berre millimeter ifrå å pirke inn 1-0 med ein knapp time på klokka.

Like etter var heimelaget endå ein gong frampå, men Steffen Moltu retta opp inntrykket frå tidlegare i kampen med ei viktig hockeyblokkering.

Med om lag 20 minutt att å spele fekk HamKam ei ny straffe av dommar Kristoffer Hagenes, men Andreas Lie hadde stengt buret for dagen og hindra straffeskåring for andre gong i kampen.

Etter to straffemissar skulle ein nesten tru at det gjekk mot poengdeling på Briskeby, men fem minutt før full tid vrei innbytar Emil Sildnes seg fri frå markeringa og stanga inn 1-0 for vertane.

Kampfakta:

Adeccoligaen, runde 18HamKam – Hødd 1-0 (0-0)BriskebyTilskodarar: 1688Mål: 1-0 Emil Sildnes (85)Dommar: Kristoffer Hagenes, HovdingGule kort: Lie, Aursnes, Brandal (Hødd)

Hødd (4-3-3): Andreas Lie - Eirik Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Bendik Torset, Fredrik Aursnes, Andreas Rekdal (Rune Ertsås, 88) – Joachim Magnussen, Franjo Tepuric (Espen Standal, 58), Eirik Ulland Andersen