Under den offisielle opninga av Ulsteinhallen for handball i dag vart den mangeårige slitaren Liv Janne Dalehamn utnemnd til æresmedlem i Idrottslaget Hødd. Det er første gongen nokon frå Hødd Handball får denne utmerkinga.

Dalehamn har i 30 år vore registrert som tillitsvald eller har bidrege som frivillig for Hødd. Ho har hatt styrearbeid i handballen og vore aktiv i handballen og har vore aktiv i handballmiljøet i meir enn 40 år! Frå tidlegare bøker der handballen er omtala kan ein lese at ho har prega handballen i mange år. Dalehamn har nest flest kampar for Hødd på seniornivå. Ho var i sin tidlegaste periode oppmann for damelaget til Hødd handball i tillegg til å vere aktiv.

- Ingen andre i Hødd handball kan vise til ein liknande kontinuitet, sa Jarl Martin Møller, som er leiar i Hødd handball.

Dalehamn har også i ei årrekkje representert Hødd som dommar.

- Eg er særdeles glad og stolt, det er ei glede, at eg får be om at Hødd handball sin første æresmedlem i Idrottslaget Hødd om å kome fram og motta det synlege beviset på utmerkinga, sa Møller.

Liv Janne Dalehamn kom fram og alle i Ulsteinhallen jubla og klappa. Dalehamn måtte tørke nokre gledestårer under utmerkinga.

- Tusen takk! Det har vore nauta kjekke år, takka Dalehamn.