For dei som likar seg utandørs i skikkeleg vintêrver, er det berre å snøre på seg skoa og kome seg ut. Snøen som har kome sidan fredag blir truleg liggande eit par dagar til, men frå sundagskvelden blir det mildare, og dermed også våtare.

Ifølgje Yr.no er det ikkje meldt mykje nedbør den komande veka, men med noko regn og rundt fem grader tysdag og onsdag vil nok mykje av snøen smelte vekk. Dermed blir det truleg ingen kvit inngang på desember, men ifølgje langtidsvarselet kan det sjå ut til at temperaturen synk noko dei første dagane i årets siste månad.