Meteorologisk institutt har sendt ut Obs-varsel for Møre og Romsdal samt Trøndelag. Varselet er for fredag denne veka, då ein utover føremiddagen ventar lokalt kraftige vindkast. Vinden kan kome opp i mellom 25-30 meter i sekundet og det er venta ei søraustleg vindretning. Mot kvelden fredag vil vinden truleg avta, meiner meteorologane.

Det er ikkje mange dagane sidan vinteren var på vitjing til Sunnmøre, men no kan det sjå ut til at våren verkeleg gjer sitt inntog. På langtidsvarselet for Hareidlandet melder Yr.no om dagtemperaturar på mellom 12 og 15 varmegrader frå sundag og utover i den komande veka.