Kontrastane er store på Sunnmøre. 23. april la det seg eit tjukt lag med snø over søre Sunnmøre. To veker seinare kan vi vente oss temperaturar på Hareidlandet som truleg vil kome over 20 varmegrader.

Mot slutten av veka skal nemleg temperaturane stige ein heil del ifølgje Yr.no, og i løpet av helga er det gode sjansar for at vi får sjå 20 varmegrader for første gong i år.

Sundag og måndag ser ut til å verte dei aller finaste dagane, men meteorologane har tru på at vi slepp unna noko særleg nedbør også på noko lengre sikt. Truleg vil ikkje temperaturane halde seg like høge utover i neste veke, men det ser likevel ut til å verte behageleg utandørsvêr i den komande perioden.