NVE har sendt ut flaummvarsel med gult nivå for Vestlandet. Bakgrunnen er at det er venta mykje nedbør, spesielt torsdag, og dette kan føre til flaumm fleire stadar.

At varselet for Møre og Romsdal er gult betyr at det kan vere fare for lokale oversvømmelsar og spesielt stor vassføring for årstida. På Varsom.no kan ein lese at det ved gult farenivå kan forekomme store flaumskadar og problem lokalt. I Sogn og Fjordane og Hordaland har NVE sendt ut oransje varsel for torsdag og fredag. Der er det venta endå meir nedbør, og følgjeleg endå større fare for oversvømmingar.

Ifølgje Yr.no får vi er våt avslutning på veka med ein del regn både torsdag og fredag, før det ser ut til å verte noko lettare frå sundag.