Etter nokre januardagar med det reinaste jonsok-vêret, ser det no ut til at vinteren endeleg vil ta seg på tak. Dersom langtidsvarselet frå Yr.no held seg oppe, vil det verte både kaldt og snø komande helg.

Laurdag vil temperaturane kunne ligge rundt 0 og det vil kome snø frå fredag kveld og utover natta. Snøen vil halde fram å lave ned utover laurdagen.

Deretter festar kulda grepet nokre dagar framover, med temperaturar eit lite stykke under frysepunktet søndag og måndag. Desse to dagane ser det også ut til at sola vil titte fram.

Utover i veka vil det derimot verte mildare att, men det ser ut til at det skal verte opphaldhaldsvêr i følgje meteorologane sine prognoser.