På Meteorologisk insititutt sin twitterkonto har ein tysdag delt eit bilete som viser kor stor sjanse det er for nedbør på 17. mai. For store delar av Vestlandet er det mellom 80 og 90 prosent sjanse for nedbør mellom 08.00 og 20.00, men Sunnmøre slepp litt billegare unna. Her er det nemleg berre mellom 70 og 80 prosent sjanse for nedbør, ifølgje meteorologane.

Dermed kan det verte naudsynt å leite fram paraplyen før ein tek del i feiringa.

Fram til 17. mai ser det samstundes ut til at vi kan gle oss til mykje godt vêr. Natt til tysdag kom det snø langt ned i fjellet, og det vil truleg vere kjøleg også natt til onsdag, men temperaturane vil stige ein heil del inn mot helga, der vi kan vente oss opp mot 17 grader midt på dag sundag.

Det er heller ikkje venta noko nedbør før onsdag i neste veke, som då er 17. mai.