Det går mot ein ytterst trøsteslaus jonsokkveld, i alle falle vêrmessig, skal vi tru langtidsvarselet frå YR. Temperaturar rundt ti grader og noko nedbør lyder det datagenererte varselet som gjeld for Hareidlandet.

"Skiftande bris. Skya. Perioder med regn". Det er meteorologane sin nøkterne spådom for jonsokkvelden.

Til samanlikning kan vi minne om at det julaftan 2015 vart målt 10,6 grader ved den meteorologiske målestasjonen i Hovdebygda. I tillegg var det heller ikkje noko nedbør denne dagen.