(NPK): Noreg sett under eitt har hatt ein juli månad som var 0,3 grader varmare enn normalt, men maksimumstemperaturen har ikkje vore lågare sidan 1992.

Den blei målt til 28,5 grader på Kotsøy i Midtre Gauldal i Sør-Trøndelag 22. juli. Vi må 25 år tilbake for å finne ein lågare maksimumstemperatur, som da blei målt til 28,2 grader i Buskerud.

Juvasshøe (1.894 moh.) i Lom i Oppland opplevde 14. juli kaldaste dagen med -4 grader.

Varmast på Austlandet

Månadens temperaturvinnar var Drammen i Buskerud, som i snitt hadde 17,4 grader i juli. Det er 0,3 grader over normalen. Tønsberg i Vestfold hadde det like varmt som Drammen i juli, mens Oslo kjem på tredjeplass med 17,3 grader i snittemperatur.

Kaldast blei sommarmånaden for Lom i Oppland, med ein snittemperatur på 3,5 grader. Det var 0,4 grader under normalen.

Nest kaldast i juli var Tinn i Telemark med 3,8 grader i gjennomsnitt.

I Førde i Sogn og Fjordane blei det sett ny rekord med lågaste temperatur på 22 år. Den 2. juli var det berre 1,3 grader i Førde. Førre rekord på 2,3 grader blei sett i 1995.

Rekordvått i nord, tørt i sør

Elles blei juli våtare enn normalt i nord, og tørrare enn vanleg sør i landet.

Det regna særleg mykje i indre strøk av Finnmark og Troms.

Ny julirekord for nedbør blei sett på Reipå i Meløy i Nordland med 272, 5 millimeter. Sidan målinga starta i 1995 har det ikkje regnet meir. Sist rekord var i 1999, da det fall 213,1 millimeter regn i juli. Meløy opplevde også det mest regnfulle døgnet 14. juli, med 80,7 millimeter nedbør.

På Vigra i Giske i Møre og Romsdal blei det 3. juli sett ny rekord for døgnnedbør med 35 millimeter nedbør. Her har nedbøren blitt målt sidan 1958, og førre rekord på 33,5 millimeter blei sett 21. juli 1964.

Det blei også sett nye rekordar for døgnnedbør ei rekke stadar i Oppland og Nordland i juli.

Samtidig var det tørrare enn normalt i Sør-Noreg, der fleire stasjonar på Austlandet målte under 50 prosent av den normale nedbøren.

Vêrutsiktene framover

Det blir dessverre ingen knallsommar gjeldande veke, melder Meteorologisk institutt. Fleire små lågtrykk i Nordsjøen styrer regn mot Sør-Noreg, og det vil berre bli gløtt av sol innimellom.

Nord trekker vinnarloddet med minst regn og denne landsdelen får også periodar med sol.

Austlandet kan likevel vente seg gode temperaturar – opptil 20 grader – trass i kraftige regnbyer.

Ifølgje meteorologane blir det «mykje spennande vêr på menyen for Sør-Noreg denne veka».

– Enkeltbyer tysdag, torevêr frå England onsdag, og atlantisk regnvêr torsdag.

Instituttet melder også om ein kommande hetebølgje søraust i Europa. I Frankrike, Belgia og Tyskland kan det enkelte stader bli over 40 grader.

– I grensa mot kjøligare luft blir det danna intense torebyer, skriv meteorologane på Twitter om tysdagen.