Årsaken til dei sterke vindkasta skal vere eit lågtrykk som i augneblinken ligg nordvest for Storbritannia. Det er på veg mot Norge, og Møre og Romsdal skal vere eit av fylke som kan få merke lågtrykket. Ifølgje NTB kan lågtrykket forsterkast til eit stormsenter.

– Vi har sendt ut eit varsel fordi det er ei usikkerheit i det her. Lågtrykket kjem fort, og det kan gje kortvarig veldig kraftig vind. Vi vil at folk skal vere litt obs på det, seier vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen til NTB.

Ho trur det vil kunne blåse opp til sterk storm ved Stad på det verste, før vinden går nordover, så vestover, og etter kvart spaknar. Det er venta vindkast på om lag 35 meter i sekundet på det verste.

Politiet åtvarar

Via sin Twitter-konto åtvara politiet i Møre og Romsdal søndag ettermiddag om at det kan bli kraftig vind mot kvelden.

- Hugs å sikre lause gjenstandar, skriv politiet.