Torsdag morgon kan det bli kraftig vind på Vestlandet. Ifølgje Meteorologisk institutt vil det bli storm fleire stadar, medan det kan bli sterk storm ved Stadt. Ifølgje meteorologane vil det truleg vere mest vind i perioden frå 06.00 til 11.00.

Vinden skal kome frå ei sørleg retning og det kan gjere sitt til at Søre Sunnmøre ikkje blir like hardt råka som lenger sør på kysten.

Torsdag er det også venta ein del nedbør på Hareidlandet, spesielt på ettermiddag og kveld.