Tysdag og onsdag er det venta minusgrader på Hareidlandet. Ifølgje langtidsvarselet på Yr.no blir det truleg blå grader begge dagane, men det blir truleg ikkje noko lang periode med kaldt vêr på våre kantar. Allereie torsdag ser det ut til at det er meir nedbør og noko stigande temperaturar på veg over Sunnmøre.

Men sjølv om det ikkje ser ut til å verte kaldt i lengre tid på våre kantar, kan vêret vere godt nytt for dei som har lyst på ski. I indre og høgareliggande strok er nemleg nedbøren som skal kome mot slutten av veka venta å kome som snø. Det har allereie kome ein del snø fleire stadar, og både i Ørsta og Hornindal har ein opna langrennsløyper. Skal ein stå alpint må ein til Stryn, Stranda eller lenger, men både i Ørsta og Hornindal håpar ein på å kunne opne trekka innan kort tid.

I ytre er det venta plussgrader og nedbør som regn frå torsdag kveld og utover.