Frå torsdag kveld er det venta svært kraftig vind utsette stadar både i Møre og Romsdal og lenger sørover på Vestlandet. Ifølgje meteorologane ved Yr.no kan det lokale vindkast kome opp i mellom 30 - 40 m/s. Natt til fredag minkar vinden noko, men ut på ettermiddagen fredag aukar vinden på att. Då kan det verte full storm på Sunnmøre. Natt til laurdag vil vinder minke igjen.

Fredag er det også venta ein del nedbør på Sunnmøre, og dette held fram laurdag, men så ser det ut til at ein skal få både opphald og kaldare vêr på Hareidlandet den komande tida. Frå søndag er det venta at ein får ein austleg/søraustleg vêrtype, med lågare temperaturar og lite til ingen nedbør. Denne vêrtypen ser ut til å vare heile langtidsvarselet på Yr.no.