Håpet om ei kvit jul på Hareidlandet ser ut til å svinne. Dei komande dagane skal det nemleg bli både mildt og vått, melder meteorologane ved Yr.no. Måndag kan nedbøren framleis kome som snø nokre stadar, men tysdag og onsdag er det venta temperaturar opp mot 10 plussgrader.

Ifølgje langstidsvarselet frå Yr.no vil det truleg bli noko kjølegare torsdag og fredag, men så ventar meteorologane noko høgare temperaturar igjen både veslejulaftan og julaftan. Truleg kjem nedbøren som regn frå tysdag og ut veka.

Dermed ser det ut til at det vinterlege vêret ein har hatt på Sunnmøre den siste tida går mot slutten for denne gong.

Vanskelege forhold på vegane

Det er sendt ut Obs-varsel for Sunnmøre og Sogn og Fjordane som gjeld frå søndag ettermiddag. Det er venta lokalt vanskelege køyreforhold på grunn av ein kombinasjon av sterk vind og snø utover dagen og kvelden.