Nyttårs-vêret

Fine forhold for fyrverkeri

Fint for fyrverkeri. Vêret på nyttårsaftan vert ikkje så aller verst, skal vi tru meldingane frå Meteorologisk Institutt.

Været

Det ser ut til å verte eit nokolunde tenleg vêr på nyttårsaftan. Meteorologisk Institutt melder om stort sett skya opphaldsvêr, noko som skulle tilseie at tilhøva for oppskyting av fyrverkeri skulle vere bra. Rett nok melder dei om at det kanskje kan verte litt snø på Sunnmøre om kvelden, men det står att å sjå. Elles vert det søraustleg bris og på utsette stader, frisk bris.

Det nye året startar med opphaldsvêr. Første nyttårsdag vert det meldt om frisk bris frå sør og søraust på utsette stader. På ettermiddagen på måndag dreiar vinden mot sørvest og aukar på til liten kuling på kysten. Det kan også verte periodar med snø.