Det er venta sørleg eller søraustleg liten storm utsette stadar søndag. Tidlegare var det venta at vinden først skulle auke utpå kvelden, men meteorologane har seinare framskunda vindvarselet, og melder no at den allereie kan byrje å auke på søndag ettermiddag. Periodevis kan vinden kome opp i full storm i fjellet, og natt til måndag kan det kome vindkast opp mot 45 m/s, melder Meteorologisk Institutt.

Ifølgje Yr.no ventar ein at vinden kjem til å auke frå søndag og at det kan vere til dels mykje vind heilt fram til tysdag.

Med vinden kjem også noko stigande temperaturar, og det er venta nokre plussgrader og nedbør måndag. Også tysdag er det venta nedbør og plussgrader, men frå tysdag kveld er det venta at temperaturen igjen vil synke og Yr.no melder om ein austleg vêrtype med kjøligare temperaturar utover i veka.