2017 vart eitt nytt år med middeltemperaturar godt over normalen.

Dette slår målingsresultata for dei tre vêrstasjonane på Vigra, Svinøya og i Fiskåbygd fast. Samtlege månader på alle tre stasjonane kom ut med middeltemperaturar over det normale.

Det største varmemessige avviket i så måte hadde september, der middeltemperaturen på dei tre stasjonane var mellom 2,6 til 3,0 grader over normalen. Deretter kom januar ut med frå 2,4 til 2,8 grader over normalen.

Den kjøligaste månaden i fjor her på Sunnmøre – målt opp mot normalen – var november der temperaturen var berre 0,3 – 0,4 grader over normalen.