Meteorologisk institutt har sendt ut Obs-varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag som gjeld frå onsdag ettermiddag/kveld til torsdag kveld.

Frå onsdag ventar ein nemleg aukande vind i området, der det lokalt kan kome opp i liten storm frå sør og søraust i utsette fjord- og dalstrok. Ifølgje varselet kan vindkasta kome opp i mellom 25 - 30 m/s.

Det er venta at vinden minkar utover kvelden torsdag.

Torsdag og fredag er det også venta at det kan kome noko sludd eller snø på våre kantar, men ifølgje Yr.no ser det ut til å bli mykje opphaldsvêr i tida framover og det kan gå mot ei fin vinterferieveke på Sunnmøre.