Måndag har det vore skulestart for mange spente elevar, men både nye og gamle elevar bør nok leite opp regnjakke på veg til skulen denne veka. Ifølgje Yr.no kan det kome til dels mykje nedbør over Møre og Romsdal, og gråvêret vil truleg vare ut veka.

Måndag har meteorologane sendt ut obs-varsel for Møre og Romsdal, ettersom dei lokale nedbørsmengdene kan verte betydelege. Det ser ut til å vere dei første dagane i veka som vil ha med seg mest nedbør, men også inn mot helga vil vi ha regnbyger over oss, ifølgje meteorologane.

Frå sundag kan det derimot hende at vêret blir noko lysare, og enn så lenge blir det meldt om opphald også dei første dagane i den komande veka.