Sundagen har gitt oss ein fantastisk flott vårdag på Hareidlandet, med sol frå skyfri himmel som varma godt i den friske vårlufta.

Yr.no melder at det skal vere mogeleg å nyte godt vårvêr også dei neste par dagane, men at når onsdag går mot slutten, så vil også finevêret gje seg for denne gong.

Måndag kan det dukke opp tåke eller låge tåkeskyer ute ved kysten, men elles skal det vere stort sett fint vêr. Også tysdagen vil i hovudsak ha mykje godt vêr, før det blir gråare i løpet av onsdagen, med fallande temperaturar mot kvelden og kanskje også noko nedbør.

Dersom meteorologane får rett kan det vere greitt å nytte finevêret medan ein har det, for frå torsdag og utover vil ein truleg få lågare temperaturar og meir nedbør.