Påska er snart over, men vêret frå påskehelga ser ut til å vare også den komande veka.

Ifølgje meteorologane på Yr.no kan Hareidlandet vente seg stort sett fint vêr og mykje sol til og med laurdag. Frå sundag er det venta at det vil kome meir skyer, men meteorologane melder ikkje om nedbør med det første.

Morgonen 2. påskedag låg det lav skodde over Hareidlandet, men denne er venta å lette utover dagen, og då skal også temperaturane stige. I løpet av veka skal ein kunne oppleve opp mot 14-15 grader om dagen.

Yr.no melder om mykje godt vêr og bra temperaturar.