Måndag ettermiddag kan det verte vått på Sunnmøre. Meteorologane ved Yr.no melder at det kan kome opp mot 15 mm nedbør i løpet av nokre få ettermiddagstimar. Den høge temperaturen vi har hatt gjennom natta og utover morgonen måndag vil truleg søkke ein god del. Det er venta at vinden kan auke til opp mot stiv sørvestleg kuling, og det er fare for torden.

Langtidsvarselet frå Yr.no er lystigare og medan temperaturen skal vere noko lågare tirsdag, med fare for ettermiddagsbyger, skal den stige igjen frå onsdag og halde seg høg til over helga. Det er venta stort sett bra vêr over Sunnmøre i denne perioden.