Vêrmeldingane ser svært lovande ut i både Ulstein og Hareid kommune den komande veka.

Frå i dag og til neste måndag vil temperaturen variere frå 15 grader på natta til 25 grader på dagtid på Hareidlandet.

Ifølgje meteorologane vil den komande veka truleg vere fylt med mykje sol, eller i alle fall sol og devis skydekke.

Sommarglade menneske får derfor mykje godt sommarvêr i tida som kjem.