Heile Haddal var pynta til fest. Bruene var dekorerte med bjørk og norske flagg, og frå flaggstangene flagra norske flagg.

I Haddal er det ikkje mindre enn to tog. Eit barnetog på morgonen, og eit folketog tidleg ettermiddag. Etter barnetoget var det barnetime inne på Haddal grendahus. Deretter var det matsal.

Ute var det leikar og fantetog. Og på ettermiddagen var det folkefest, der Remi Vattøy var festtalar.