Vi hadde gjerne forventa at den nye brannsjefen skulle stå i lys lue, men i staden sit han ved skrivebordet utan noko på hovudet i det heile tatt. På skrivebordet ligg det derimot ei svart lue. Samt ei lego-matboks og Alf Helleviks Nynorsk ordliste.

– Det er ikkje mitt kontor ein gong, nærast orsakar den nye brannsjefen seg. Han får låne lokalet på Ulstein rådhus fram til sommaren ein gong, då er eigaren av kontoret tilbake frå permisjon.

Det er mykje som er nytt og mykje å setje seg inn i for brannsjefen. Etter berre nokre få dagar i sjefsstolen har Olav Helt Brubakk ikkje fått det fulle oversynet over situasjonen enno.

– Det er mange ting som er litt laust førebels, seier han. Eit viktig arbeid i tida framover vert å samkøyre dei to brannstasjonane i Hareid og Ulstein Brannvesen. Ifølgje Brubakk har det vore litt forskjellig praksis for korleis dei har løyst ulike arbeidsoppgåver.

Den vanlege innbyggjaren i Hareid og Ulstein vil truleg ikkje merke så mykje til omorganiseringa av brannvesenet. Kvar kommune har framleis sitt brannmannskap på 16 personar med tilhøyrande overbefal. Desse vil rykke ut som normalt ved ein brann eller ei ulukke.

Frå 25 til 100 prosent

Det som er nytt er at det er oppretta full stilling som brannsjef for Hareid og Ulstein. Brubakk har vore brannsjef i ei kvart stilling i Hareid sidan 2012, ei stilling han har hatt ved sidan av jobben som byggesakshandsamar i Hareid kommune.

Det er Ulstein som er vertskommune for brannvesenet og difor er det at brannsjefen no har fått kontor på rådhuset i Ulsteinvik.

Nye forskrifter om stillingsprosentar for brannbefal, samt kommunesamanslåinga som aldri kom, er mellom årsakene til at Hareid og Ulstein bestemte seg for å slå saman sine respektive brannvesen, og dermed også stillinga som brannsjef. Hareid og Ulstein brannvesen er delt i to avdelingar, ei beredskapsavdeling og ei førebyggjande avdeling.

Det er i all hovudsak menn som arbeider som brannkonstablar, noko brannsjefen ikkje heilt forstår årsaka til. Rett nok er opptakskrava som nye kandidatar må oppfylle dei same, både for kvinner og menn, men likevel. I Hareid er det berre ein kvinneleg brannkonstabel. I Ulstein ingen.

I den nye brannstasjonen i Hareidsmyrane er det garderobar både for kvinner og menn. Den gamle brannstasjonen i Krushammaren i Ulsteinvik inneheld derimot berre ein garderobe. Dette vert det nok orden på når ny brannstasjon står ferdig om nokre år, sjølv om det førebels er noko uvisst kvar det nye bygget skal plasserast.

– Det er det kommunestyret som bestemmer. Men ifølgje beredskapsplanen har mannskapa fire minutt på seg frå alarmen går til dei skal vere på stasjonen, opplyser brannsjefen.

Når alarmen går er det berre å sleppe det ein har i hendene og fyke avgarde.

– Ein gong hadde eg ein sint mann inne på kontoret mitt som var rasande på grunn av vedtaket i ei byggesak. Då var det veldig greitt at alarmen gjekk og eg kunne styrte ut.

Presteson

Olav er presteson. Faren, Ole Arne Brubakk, arbeidde som prest over store delar av Møre og Romsdal og brannsjefen har difor ein dialekt som er ein miks av dialektar frå dei tre fogderia i fylket.

I 1982 flytta familien frå Gjemnes til Herøy der faren hadde si prestegjerning til han gjekk av med pensjon i 2007.

Det er ikkje alltid like enkelt å vere prestebarn, men Olav Helt Brubakk trur han har kome godt ut av det.

– Statsoverhovuda Theresa May og Angela Merkel hadde begge prestefedrar, seier han. Sjølv nøyer han seg med å vere brannsjef.

Han har prøvd seg som lokalpolitikar for KrF i ein periode, frå 2007 til 2011, men trur ikkje han kjem til å satse meir på politikken med det første.

– Det var interessant, men ikkje alltid så enkelt å kombinere med vaktturnusen i brannvesenet. Det var elles ei utfordring å skulle vere politikar samstundes som eg arbeidde på rådhuset, seier han og legg til at han likevel framleis er vararepresentant.

Olav Helt Brubakk kom flyttande til Hareid i 2001 då han etter fullført ingeniørutdanning og litt yrkespraksis fekk jobb som byggesakshandsamar i Hareid kommune. I dag bur han på Bjåstad i huset etter farfaren, Olav Brubakk, som var lærar og skulestyrar i Hareid i mange år.

Når det gjeld Helt-namnet er det uvisst kvar dette skriv seg ifrå.

– Far til mormora mi var oppteken av slektsgransking og fann dette etternamnet hos nokre forfedrar. Kvar det skriv seg ifrå veit ingen. Kanskje kjem det frå Tyskland via hanseatane i Bergen. Kanskje kjem det frå Skottland. Oldefar min gav uansett dette gamle namnet vidare til døtrene sine og slik enda det opp her hos meg, forklarer han.

Brenn for lego

Medan andre finn glede i strikking eller akvarellmåling, går mykje av Olav Helt Brubakk si fritid med til lego-bygging.

– Eg har vel omtrent 775.000 legoklossar, seier han.

Klossane er sortert etter eit sinnrikt system, men dette er meir som eit naudsynt vonde for å halde styr på alt saman.

–Der er bygginga som er det gøyaste, seier brannsjefen og er i fyr og flamme.

– Her får eg utløp for kreativitet og skaparglede. Eg byggjer gjerne først byggesettet slik det er tenkt, deretter tek eg det ifrå kvarandre og byggjer fritt. Det går helst i bygningar eller køyretøy, men eg freistar ikkje å skape ein kopi av verkelegheita. Her er alt fri fantasi, seier ingeniøren.

Han samlar også på flagg frå ulike nasjonar. Flaggstonga ved heimen på Bjåstad vert nytta når eitt av dei 40 landa han har flagg til, feirar nasjonaldag.

Men flagget til Legoland har han førebels ikkje.

Lego: Olav Helt Brubakk er veldig glad i å bygge med lego, ei interesse han har hatt sidan han var ein liten gut. Foto: Privat
Olav Helt Brubakk har ei etter måten stor samling flagg frå ulike land og flaggar gjerne på nasjonaldagen til desse. Foto: Arkiv
mot publikum: Mange har sikkert møtt på brannsjefen i samband med eit Open dag-arrangement på brannstasjonen. Foto: arkiv Foto: Anne Gry Eilertsen