– For meg har denne staden vore ein så sentral og viktig del av livet mitt at eg reknar det som før, og om ikkje så lenge, etter Kaffebaren. No føler eg at det er på tide å gå vidare i livet og la hjartebarnet mitt vekse ut av famnen min, seier Linn Wingsternes til Vikebladet Vestposten.

Gjennom snart ti år har Linn styrt ei av dei mest kjende og kjære kaffibarane og utestadane i distriktet. Det har ikkje vore enkelt å skulle bestemme seg for å selje verksemda, fortel ho.

– Eg har tenkt ein del på dette den siste tida. Ting har ikkje gått heilt opp. Eg har to små born eg gjerne skulle vore meir til stades for og ein mann som også driv for seg sjølv. Ein skikkeleg gründer, som eg nærast må jage i seng når han sit oppe og jobbar til seine nattetimar, seier Linn lattermildt og legg til:

– Totalsituasjonen har blitt slik at eg kjenner eg må gjere ei endring. Eg må ha ein litt annan rytme enn eg har no. Samstundes føler eg ikkje at eg klarer å yte det eg føler er naudsynt for å få Kaffebaren dit eg ønskjer. Kvelds- og helgejobbing er ikkje like enkelt å få til som det var før. Dette har sjølvsagt vore ein prosess med mykje kjensler involvert, men med tida har eg realisert at eg no gjer ei avgjerd som til sjuande og sist er til det beste for alle partar. Eg har funne roa igjen, og det er ei veldig god kjensle.

Drivar og eigar i 10 år

I juli 2008 tok Linn Wingsternes og faren Lidar over eigarskapet etter Karl-Johan Barstad og faren hans, Kjell Barstad. Berre 20 år gammal blei Linn dagleg leiar og eigar av verksemda der ho fyrst jobba som 14-åring.

– Fyrste møtet mitt med Kaffebaren var då eg jobba her på utplassering som 14-åring, og eg heldt fram å jobbe her gjennom fleire år. Eg fekk også eit veldig godt forhold til drivaren Karl-Johan (Barstad, red.anm.). Det var ikkje få gonger i løpet av desse åra at eg snakka om å opne min eigen kaffibar. Så ein dag då eg jobba som assistent i ein barnehage fekk eg ei melding frå Karl-Johan om at han og faren hadde bestemt seg for å selje Kaffebaren, seier Linn.

Ho fann ut at ho hadde moglegheita til å bli kjøparen dei leita etter, og heiv seg rundt. Ho fekk opphavleg med seg ei god venninne på ideen, men etter ein prosess vart det klart at Linn måtte halde fram med kjøpet utan ho.

– Det trur eg eigentleg både eg og ho er samde i at var like greitt. Eg snakka så med pappa, og til mi store overrasking ønskte han å gå inn og bli medeigar. Eg blei litt sjokkert, men eg tenkte at vi berre skulle køyre på. Vi fekk lån, og tok over, seier Linn.

Ho angrar ikkje eit sekund på eventyret ho kasta seg ut i.

– Absolutt ikkje. Sjølvsagt, det er krevjande å drive ein kaffibar og utestad. Men på vegen har eg lært utruleg mykje, og det er trass alt det viktigaste for min eigen del, seier ho.

Stolt av å ha gitt unge sjansen

Når Linn no går ut med nyheita gjennom lokalavisa er det den fyrste gongen ho fortel om salet offentleg. Ho er klar på at det ikkje vil bli tatt ei forhasta avgjerd, då salet også vil ha følgjer for dei tilsette.

– Eg orienterte dei tilsette om dette i førre veke, og sjølv om det sjølvsagt var litt ulike reaksjonar, har dei full forståing for kvifor eg no vel å selje verksemda. Det er eg enormt takksam for, og eg kan heilt ærleg seie at eg har gode og dyktige folk rundt meg. Eg har hatt mange fantastiske kollegaer gjennom desse ti åra. Om ein tel med alt ifrå dei som har vore ekstrahjelp til dei som har vore og framleis er fast tilsette har det vore rundt 200 personar innom Kaffebaren desse åra. Det er mange, men det har også vore ei sentral målsetting for meg å gje folk ein sjanse, og spesielt dei unge som ønskjer å kome seg inn på jobbmarknaden. Eg veit sjølv kor kjekt det var å få ein fot innanfor døra då eg var tenåring, og veit kor viktig dette er for alt ifrå sjølvkjensle til meistringskjensle, seier Linn Wingsternes.

Vil finne den rette eigaren

I og med at eit sal ikkje blir gjort i ei handvending ønskjer Linn å gjere eit godt arbeid med å finne den eller dei rette til å ta over.

– Eg har lova dei tilsette at den eller dei som eventuelt tek over Kaffebaren må ha driven og engasjementet til å ta verksemda vidare, og til nye høgder, seier Linn.

For mange er Kaffebaren Linn, og Linn er Kaffebaren.

– Eg tok over etter Karl-Johan og Kjell på dagen den gangen. Det tok fleire år før dei fleste forstod at det faktisk var eg som dreiv Kaffebaren. Eg er veldig oppteken av at uansett kven som tek over reimane etter meg og pappa, så er det nokon som satsar på å bevare Kaffebaren som eit bra tilbod i Ulsteinvik. Ser ein til dømes på lunsjtilbodet vårt, så er det der vi tenar best. Sjølvsagt skal ein ny eigar også forme staden etter sine ønskjer og prinsipp, men det blir det opp til vedkomande å ta tak i, seier Linn Wingsternes til slutt.

Kaffebaren har i snart ti år vore hjartebarnet til Linn Wingsternes, men no føler ho det er på tide å gå vidare til noko anna, og la andre ta verksemda til nye høgder. Ho er ikkje heilt sikker på kva ho vil gjere når ho har selt Kaffebaren, men erfaringa som leiar og drivar gjennom ti år kjem godt med. – Eg veit eg vil jobbe med menneske, det er eg sikker på. Eg har tatt utdanning ved sidan av, ein bachelor i handel- og serviceleiing ved NTNU i Ålesund, fortel Linn. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
24. juli 2008 tok Linn Wingsternes over drifta av Kaffebaren i Ulsteinvik, etter at ho og faren Lidar kjøpte ut dei førre eigarane. Her er eit bilete frå veka etter ho tok over. Berre 20 år gammal blei ho dagleg leiar i verksemda. – Eg har lært enormt mykje, seier ho til lokalavisa. Foto: Arkiv/Sindre G. Rise.