- Vi må visst ned på lageret i kjellaren og henta henne.

Det er tysdag 15. mai, og ungdomsskulen har nettopp hatt besøk av russen. Lærar Knut Ertesvåg (64) har unngått å bli dynka i vatn. Han har nok ein gong sagt ja til å vere fanaberar i toget på nasjonaldagen. I år blir det 30. året på rad han skal gå fremst i ungdomsskulen sin del av toget.

- Klart eg seier ja. Men dei må spørje meg først, altså, det skal ikkje vere ei sjølvfølgje, seier han.

Vi er komne ned på lagerrommet i kjellaren, og der, langs eine veggen, står fana. Ho har eit lyst trekk over seg.

Teiknekonkurranse

Ulstein ungdomsskule vart oppretta i 1969, men fana til ungdomsskulen er berre vel ti år gamal.

- Motivet vart teikna av Kristine Vattøy. Det var teiknekonkurranse mellom elevane og ho vann, fortel Ertesvåg medan han tek trekket av fana.

Han hugsar godt Kristine, men er ikkje heilt sikker på kva årstal fana vart laga.

- Før vi fekk fana bar eg eit stort, norsk flagg. Og vi hadde i alle fall fana på den gamle ungdomsskulen også, seier 64-åringen, medan han ber med seg alt opp trappene.

Montering

- Kor i all verda det var dette her no då, det er no eit eksperiment kvar gong!

Ertesvåg har teke med fana til administrasjonsfløyen på skulen. No skal fana monterast. "Har ikkje du gjort det før? 30 gongar?", kjem det eglande frå ein kollega.

- Her er ein pose med sele. Og så er det denne stonga som skal setjast saman.... Kor det var no dette her? Kva skal vere ned og kva skal vere opp? Huff, nei, dette vart feil veg!

Er det tungt å bere? Treng du å ha god rygg?

- Det er eigentleg ikkje så veldig tungt. Så lenge ein har på seg sele, går det bra. Og så må eg ha to personar som ber kvar sin dusk, seier Ertesvåg, og tek med både fana, sele og stenger ut i aulaområdet. Der kjem kollega Ole-Jacob Arnesen støttande til.

- Her må det fiksast, dette er ikkje rett, seier Arnesen.

Duskedamer

På eit bord sit det nokre jenter. "Knut, er det du som skal bere den?", spør dei, og får "ALLTID!" som kontant svar frå Ertesvåg.

To av dei, Oline Låbakk og Katrine Ulstein, melder seg til å bere duskane på ei lita prøverunde.

Men duskesnorene er knytte, eller "knauta", som ungdomane meiner det heiter, fast til øvre delen på fana. Dermed blir det ein heil jobb å få losna snorene.

"Det er no du får dei beste bilda", kommenterer ein tilsett idet ho går forbi lokalavisjournalisten som knipsar i veg.

Til slutt er både lærar og elevar klare for eiin liten gåtur.

- Då går vi slik, og så held dokke i kvar si snor, slik, ja, formanar Ertesvåg.

Det starta tilfeldig

Dermed skal alt vere klart til årets 17.mai-feiring. I alle fall frå faneberar Ertesvåg si side.

- I fjor var det så varmt, eg sveitta så mykje at eg måtte sende bunadsvesten min på rensing, fortel han.

Men fortel, korleis har det seg at du har bore flagg og seinare fane for Ulstein ungdomsskule i tretti år på rad...?

- Eg bur i Hovsetgjerde, så då går eg forbi her på veg til toget på 17. mai. Så var det ein rektor som spurde om eg kunne ta med meg flagget, sidan eg uansett skulle gå forbi skulen. Og etter den gongen har eg altså henta og bore flagg og fane.

Er det siste året no?

- Nei, det treng det ikkje vere. Eg har sett som vilkår at dei spør meg på førehand. Viss dei ikkje spør meg, er det ikkje sikkert at eg vil bere. Men eg brukar å seie frå, at viss eg ikkje vert spurd, er det ikkje sikkert eg vil. Og då spør dei med ein gong, ler han.

Kva krevst av ein faneberar, meiner du?

- Eg synest at vedkomande må ha bunad, det synest eg- spesielt etter at eg fekk bunad sjølv. Så må du orka å gå, og barnetoget har vore ganske langt til tider, ja.

Har du prøvd å gje frå deg oppdraget til andre?

- Nei, nei. Der er nokon som har prøvd å ta det frå meg, men det er ikkje enkelt, veit du.

Det er med andre ord lite som tyder på at Knut Ertesvåg har tenkt å gje frå seg faneoppdraget med det første.