Linda Haddal Røssevoll fylte 48 år i februar. Ho er no eitt år yngre enn det mora var då ho døydde i 1985.

– Eg vart femten år 21. februar, ho døydde natta til 22. februar. Ho hadde kreft, men eg trudde ho kom heim frå sjukehuset fordi ho var frisk. Ein av dei siste dagane ho levde las eg i ei Ord for dagen-bok om livets lys, om at uansett kor mørkt det er, så finst det lys. «Eg ser lyset, men det blir svakare og svakare for kvar dag», sa mamma til meg då. Først då innsåg at eg ho kom til å døy. Klart eg har sakna henne, til dømes då eg gifta meg og då eg vart gravid og mista den første sonen vår. Det var dramatisk, morkaka losna i veke 25. og eg hadde nok stroke med viss eg ikkje var på sjukehuset. Men guten sitt liv kunne ikkje bergast. Eg trur at motgangen har gjort meg sterk, eg gir i alle fall aldri opp, fortel Røssevoll.

Vi møtest ein sein ettermiddag på Melshorn Hotell, som 48-åringen både eig og driv. Dagen hennar har vore hektisk. Heldigvis.

– Vi er berre tre tilsette, så eg må gjere alt frå å lage mat, rydde rom, drive marknadsføring til å rulle dukar. Eg har trua på at det er behov for eit hotell på Hareid, men eg er avhengig av at hotellet vert brukt meir. Vi har ein del arrangement, bedriftene, kommunane og NAV er flinke til å bruke oss. Men det tek litt tid å kome inn på marknaden igjen, få folk til å skjøne at hotellet faktisk er i sving.

Hotellet var hennar første arbeidsplass: som sekstenåring jobba ho i oppvasken der. Etter handelsskule og frisørskule starta ho som landets første ambulerande frisør som 21-åring.

– Det låg i korta at eg skulle bli frisør: eg klipte mange av lærarane på ungdomsskulen og eg tok permanent på mødrene til venninnene mine. Etter at eg var ferdig på frisørskulen, fekk eg støtte frå næringsfondet i kommunen til å kjøpe både bil og mobil. Telefonen kosta tolv tusen og var kjempestor, seier ho, og viser med hendene at dåtidas mobilar var ein smule større enn dagens.

Måtte omskolere seg

Etter mange år som frisør fekk ho beskjed frå legen om å omskolere seg: permanentvæska og hårfargane gjorde henne kvalm og uvel. Då vart det eit par år som forsikringsseljar og eit år som dagleg leiar på vaskeriet på Hareid.

– I 2008 ringde dei frå hotellet her og ville ha meg som marknadssjef. Den gongen var det tre hotell i same selskap: Hareid hotell, Ivar Aasen i Ørsta og Sagafjord på Sæbø, fortel Røssevoll.

To år etterpå tok ho over som administrerande direktør og gjekk inn som eigar i selskapet. Og i 2014 gjekk ho altså inn som eineeigar av hotellet på Hareid og døypte det om til Melshorn Hotell.

– Klart det, eg er fødd oppi Melshornet- eller i Honninglia som det vart kalla då faren min var birøktar.

– Er du ofte på toppen av Melshornet?

– Nei, der skulle eg ha vore oftare. Pappa er nok flinkare til å gå på fjellet enn alle oss søskena, han ligg på rundt 100 fjellturar i året.

Stolte på magekjensla

Melshorn Hotell har hatt ordinær drift sidan i fjor haust, etter ein periode som akuttmottak og ein periode med utleige til verftsarbeidarar. Sist månad dukka det opp ein gjest som no er sikta for omfattande svindel. Røssevoll kjende på seg at han hadde tenkt å stikke av frå rekninga, og kontakta difor politiet. På hotellrommet hans fann dei over seksti nøkkelkort frå ulike hotell

– Det var ganske hektisk då saka vart kjend. Eg fekk mange telefonar frå andre hotell som ville ha informasjon om vedkomande. Også ein del journalistar tok kontakt, og eg har fått god oppfølging frå politiet. Så eg er veldig glad for at eg torde å stole på magekjensla, og så er det trygt å vite at politiet tek meg på alvor.

– Er du ein god menneskekjennar?

– Ja, eg oppfattar meg som det, ja.

– Har du angra på at du tok over hotellet?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Men det har ikkje vore utan bekymringar. Heldigvis har eg eit godt sovehjarte, og det har eg absolutt hatt bruk for desse fire åra. Og så har eg kjempegod støtte frå mannen min, Per Øyvind, og gutane våre, Kornelius og Kristen.

Linda har tre eldre søsken. Ho bur i dag i barndomsheimen i Melshornlia. Foto: Privat.
Linda Haddal Røssevoll spelte fotball i fleire år. Her står ho som nummer to frå høgre i fremste rekkje. Bildet av Hareid sitt jentelag er frå rundt 1985. Foto: Privat.
Våren 2014 tok Linda Haddal Røssevoll over som eineeigar av hotellet på Hareid. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll