At Karl-Johan Bakken fyller 60 år akkurat i dag, var ikkje utgangspunktet for dagens Laurdagsprat. Det kom berre fram i ei bisetning under intervjuet. For sjølv om den nyslåtte 60-åringen i kraft av stillinga som administrerande direktør i Farstad Shipping har vore mykje i mediebiletet, er han temmeleg sky privat.

- Kona har ordna med nokre kaker, og så kjem den næraste familien heim til oss i dag. Så får vi sjå om det blir noko meir feiring på eit seinare tidspunkt, smiler han.

Karl-Johan er oppvaksen i Hjørungavåg, men er busett på Hareid. Faren Sindre Bakken døydde i fjor, og var frå Trysil. Mora Kari (fødd Kjerstad) er frå Hjørungavåg, og han har dermed både innlands- og kystkultur i årane.

Utgangspunktet for intervjuet var å prøve å få lirke litt ut av Bakken korleis det var å vere øvste leiar i Farstad Shipping dei siste månadene, og kva han tenkjer om Kjell Inge Røkke sitt inntog i selskapet.

Men akkurat det skulle vise seg å ikkje bli lett.

- Det vil eg ikkje uttale meg om, er det kontante svaret hans.

Mykje tyder på at den siste tida ikkje berre var enkel. Dei som såg Bakken på snøggbåten mellom Hareid og Ålesund, eller på Eurospar på kveldstid, merka seg i alle fall at den slanke mannen ein periode var rett og slett mager, og med eit bekymra drag over andletet.

- Det stemmer at eg tok av nokre kilo, og at eg, som vanlegvis har eit godt sovehjarte, ein periode sov heller dårleg. Det var mykje å tenke på, vedgår han.

I ein periode hadde han kjensla av at han og finansdirektøren i Farstad budde på advokat- og bankkontor i Oslo, og frå juni til oktober 2016 hadde han 90 flyturar frå Vigra.

- Det vart nesten som gambling. Du blir hekta og kan ikkje tenke på anna. I slike situasjonar blir det vanskeleg å ta vare på drifta. Andre måtte ta den biten. Det var ein stri tørn, og resultatet vart ikkje det eg ønska. Men historia er ikkje ferdig, meiner Bakken.

Heller ikkje den siste utsegna vil han seie noko om.

For dei som ikkje er heilt innvigde i kva resultatet vart, er kortversjonen at Farstad-rederiet vart oppkjøpt av det Kjell-Inge Røkke-kontrollerte Solstad Offshore og John Fredriksen-kontrollerte Deep Sea Supply. Og hovudkontoret vart etter kort tid flytta frå Ålesund til Karmøy.

Men alt har ein start, også karrieren til Karl-Johan Bakken. Og spiren vart kanskje sådd då han 12 år gammal fekk seg sommarjobb ved Hjørungavåg Verksted der både faren og morfaren hadde arbeidet sitt. Etter ungdomsskulen var han tilbake på verkstaden i eit år, og det same skjedde eit års tid etter gymnaset.

- Eg trur desse opphalda gav meg ei innsikt som du ikkje får på skulebenken. I produksjonen lærer du fort at alle tilsette har ei viktig rolle.

Karl-Johan er utdanna sivilingeniør frå det som den gong heitte NTH i Trondheim. Diplomoppgåva tok han i samarbeid med reiarlaget IM Skaugen og Royal Caribbean Cruiseline, som blant anna hadde skipa «Song of America» og «Song of Norway». Oppgåva gjekk ut på prosjektering av neste generasjon cruisefarty, og han fekk tilbod om jobb i selskapet.

- Eg har søkt berre på ein jobb, og den søknaden sende eg til personalsjef Kolbein Ole Ulstein i Ulstein rett etter eksamen på NTH. Svaret var ja, og hos IM Skaugen meinte dei kompetansen som dei sat inne med i Ulstein var så viktig at eg burde ta meg to-tre år i Ulsteinvik - og så kome til IM Skaugen i Oslo, fortel Bakken.

Men slik vart det ikkje. Miljøet i Ulstein Trading og etter kvart Ulsteingruppen var så interessant at Karl Johan vart verande i 14 år.

- Eg fekk fridom til å utvikle meg fagleg. Vi som var i miljøet rundt Idar Ulstein og etter kvart Ulstein International fekk lære mykje om strategi, fortel Bakken, som også dreg fram Nordvest Forum som ein viktig læringsarena.

Men i 1998 gjekk Ulstein-konsernet på børs, og i 1999 tok britiske Vickers over. Då vart det ein annan type eigarskap, og då det kom oppmoding om å søke jobb i Farstad, slo han til.

I 2000 hadde Farstad rundt 30 skip i flåten. Under fusjonen med Solstad i 2017 var talet kome opp i 58 skip.

- Det var kanskje for mange skip?

- Ja, det er mange som meiner det. Men Farstad har ført ein konservativ finanspolitikk, og hadde lenge mykje pengar på bok. Tanken var at vi skulle klare oss lenge i nedgangstider. Men at dei tunge tidene skulle vare i 4-5 år, var det få som trudde, svarer han.

Karl-Johan meiner det som i første rekke bikka lasset var teknologisk basert, og ikkje minst utviklinga med utvinning av oljesand i USA. Marknaden vart overfløymd av olje, og prisane ramla som stein i 2014.

- Den faktoren var det få som såg, slår han fast.

Medan utvinning av olje på havbotnen er krevjande både økonomisk og teknisk, er det raskt både å bore brønnar og få oljesanden ut på marknaden i USA.

- Men det er ikkje til å underslå at reiarstanden bygde for mange båtar, og at verfta og utstyrsleverandørane profiterte på det. Marknaden vart for varm, slår Karl-Johan fast.

Oppgangen slik den var i offshore fram til 2014 trur han ikkje kjem att.

Men Karl-Johan har likevel ikkje mist trua på norsk skipsfart og skipsbygging. Cruisefarty og yachtbygging er berre to av segmenta.

- Havrommet blir viktig i framtida, og det er god latin å utnytte kompetansen som olje- og offshorenæringa har tileigna seg. Det må vere ein glidande overgang. Olje- og gassutvinning vil vere viktig også i framtida, og det er ei utfordring at næringa på Nordvestlandet er tappa for kapital. Men det er også ei lykke at fiskeria går godt. Det er med på å oppretthalde aktivitet og skape verdiar.

Karl-Johan peiker på at folketalet stadig veks på kloda vår, og at det vil bli viktig å skaffe mat.

- 70 prosent av arealet på kloda er dekt av sjø, men viss vi skal bruke havet til å produsere mat, må vi sørge for at havet er reint. At vi plukkar plast langs strendene våre, er fint, men mesteparten av plasten ligg på havbotnen, og det må det gjerast noko med. Det må også satsast meir på havbotnsgruvedrift til utvinning av mineralar. Vi treng derfor at det blir forska meir på nye teknikkar, og eg har tru på at blant andre NTNU i Trondheim og Ålesund kan utfylle kvarandre på desse felta, til beste for næringslivet.

Dagens nyslåtte 60-åring vedgår at arbeidsdagen hans i mange år ikkje har gitt rom for fritidssyslar. Tida han har hatt, har gått med på å ta seg av familien, kona Grete, dei fire borna – og dei to siste åra også barnebarnet Iver.

- Eg satsar på at eg no får meir tid til å vere bestefar. Og så har eg sagt ja til å vere med i Hareid Rotary Klubb. I tillegg har vi eit naust som skal ordnast i fjøra nedanfor huset - og ein liten fritidsbåt. Kanskje får eg tid til å bruke den meir saman med familien min, seier han optimistisk.

Men mest tid kjem han nok til å bruke på Remøy Shipping. For no er han inne i manesjen igjen, med dei same rammevilkåra som før.

KARL-JOHAN BAKKEN

Var administrerande direktør i Farstad Shipping

Byrja 1. mai som adm. dir. i Remøy Shipping

Gift med Grete Røyset Bakken

Saman har dei fire born: Birgitte (30), Charlotte (27), Martinus (25), Aksel (23)

Remøy Shipping: På landsida i underkant av 20 tilsette. Rundt 350 sjøfolk.

Selskapet eig:

3 store PSV-ar

Eit skip som Marinen leiger

Eit skip som er støttefarty til seismikk-skip

- og eit management-selskap som driv seks offshoreskip

Ein liten rast under ein motorsykkeltur opp Trollstigen. Grete og Karl-Johan har også køyrt Rout 66 frå Los Angeles til Chicago. Foto: Privat.
Borna Martinus, Birgitte, barnebarnet Iver Johnnes Bakken Törnqvistog Aksel. Foto: Privat.