Tysdagskvelden vart han på eit ekstraordinært årsmøte vald til ny styreleiar i IL Hødd Fotball. Alt dagen etter var han på plass på klubbhuset og snakka med gjengen, medan dei drakk kaffi og åt is. Stemninga var god.

Ivar Morten vaks opp i Narvik og byrja spele organisert fotball då han var ti år gamal. – Eg lånte fem kroner av farmor. Det var nok til medlemskontingenten. Så spelte eg for Mjølner 2, fortel han.

Etter Mjølner gjekk vegen vidare til proffspel i Frankrike som 21-åring. Deretter Brann, tilbake til Mjølner før det etter kvart vart Bodø- Glimt som han vann Cupfinalen med i 1993.

Han har vore trenar for Bodøklubben Gevir Bodø, Alta IF, Aalesund, Tromsø og Mjølner.

– Du har brukt store delar av livet ditt på fotball. Kva er det som er så viktig med fotball?

– Fotball er eit verktøy for å skape trivsel og glede. Fotball er for meg ein arena for samhald og tilhøyrsle som er heilt unik. Det gjeld i idrett generelt, men spesielt i lagidrett. Fotball er den arenaen der eg har fått utvikle meg i ulike roller og som menneske, seier Ivar Morten og legg til at han er fascinert over spennvidda i kjenslelivet ein kan oppleve gjennom fotballen. På fem minutt kan ein gå frå djup fortviling til ei enorm glede, det gjeld både småjentelag og VM.

I fjor sommar var Ivar Morten gjennom jobben sin som rekrutteringsrådgjevar i Personalhuset sentral i arbeidet med å finne ein ny dagleg leiar i Hødd.

– Tenkte du då at dette var ein klubb du gjerne ville ha ei sentral rolle i?

– Nei, eg var ikkje inne på tanken i fjor, smiler Ivar Morten. Han fortel at no er huset deira på Ellingsøya ferdig bygt, både han og kona Vibeke er i full jobb, borna går på skule (1. og 2. klasse), så då opna det seg eit rom for eit prosjekt for samfunnsutvikling og eigenutvikling, noko involveringa hans i Hødd er.

Om å glede seg over kvardagen

Den nye styreleiaren meiner at ein bør akseptere at ein ikkje alltid får ting til. Ting tar tid. – Det er pårekneleg å tape. Det er pårekneleg å ikkje alltid få spele. Men ein bør ikkje bli overraska om ein vinn. Uansett kor mykje målsetjingar ein har for å vinne er det færre målpassingar i livet enn veg. Ein må glede seg over kvardagane som er vegen.

Han meiner at ein i Hødd må vise glede over kvardagshendingar, uavhengig av om A-laget vann siste fotballkampen eller ikkje.

I fjor vart Ivar Morten overraska over kor store Hødd har vakse seg sidan 2004-2005, då han var trenar for AaFK. Klubben har vakse på mange vis. Når ein veks fort er det viktig å stoppe opp og minne kvarandre på fundamentet til klubben. Det er her han tenkjer at han kan kome inn og gjere klubben medvitne på den stolte historia og kva Hødd står for på si vidare ferd.

– Då du var inne på klubbhuset og møtte gjengen snakka du mykje om at det er viktig å feire. Er du sjølv flink til det?

– Ja, heime med oss et me veldig mykje is, slår tobarnsfaren fast. I familien er dei medvitne på å støtte kvarandre og gje positiv tilbakemelding. Det er sjølvsagt viktig å jobbe hardt for å nå måla sine, men det er også viktig å feire.

– Om ein skal gå rundt i livet og berre vere opptatt av neste kamp blir det ikkje så artig å vere med, meiner Ivar Morten. Feiring er også viktig for stoltheita, inkludering og formidling av suksesshistorier.

Fruktbart i Nord-Noreg

Då Ivar Morten var trenar for AaFK møtte han sykkylvstausa Vibeke Hanssen. Dei drog saman nordover til Tromsø og Narvik. – Nord-Noreg er fruktbart, me kom tilbake dobbelt så mange, seier nordlendingen som synest det går heilt greitt å bu på Sunnmøre så kona får vere i nærleiken av familien sin. Han slår fast at han elskar Nord-Noreg, men Nord-Noreg treng ambassadørar rundt omkring i verda, og det er han så heldig å få vere.

På fritida ser Ivar Morten lite fotball på fjernsyn. Jobben som rekrutteringsrådgjevar er særs krevjande, elles sit han i FAU på Ellingsøy skule, følgjer opp døtrene Selma og Matea på handball, og har hus og kone.

Dessutan likar han å lese. Han les 2–3 bøker i månaden. Det kan vere krim, biografiar eller annan skjønnlitteratur. Han likar også å høyre på musikk, som Bad Company, Them Therribals og Stan Richway.

Den nye styreleiaren kjem til å vere ein del på Høddvoll framover. Han er tydeleg på at når han snakkar fint om verdiar som samhald og å vere til stades må han også vise det gjennom handling. – Verdiar er ikkje noko ein limer på veggen, det er noko du utøver gjennom faktiske gjeremål.

Faksimile: Faksimile frå «Nordlys» eller «Bladet Tromsø» frå 1992. Foto: faksimile